Hopp til innhold
X
Innhald

Mange Shetlands-fararar

John Hope til høgre saman med Arthur Hovland. Biletet er teke i 1945 etter at dei var komne heim til Dale. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

John Hope til høgre saman med Arthur Hovland. Biletet er teke i 1945 etter at dei var komne heim til Dale. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Dale er truleg den bygda i fylket der det rømde flest ungdomar til Shetland: I 1941 tok i alt 22 personar seg over til Shetland.

Ni Dale-ungdomar drog med M/B «Flink» og Alfred Strandenes, og 13 med «Klippen» med Mathias Øen til rors. Både Mathias Øen og Svein Valvik mønstra på ubåten «Uredd» som vart senka i Norskehavet seinare i krigen. Ein annan Dale-gut, John Hope, vart kommandosoldat og var m.a. med på den dramatiske storminga av festninga på Walcheren på kysten av Nederland i 1944. Han vart tildelt krigskorset med sverd for krigsinnsatsen. Han kom seinare heim til Dale og starta Stjernen Café (sjå: Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale).

Pensjonisten som vart krigshelt

I 1941 stod den 67 år gamle bonden Alfred Strandenes frå Strandenes til rors på den vesle, opne motorbåten «Flink» ut Dalsfjorden. Han hadde kurs mot Shetland. Ombord hadde pensjonisten ein flokk ungdomar frå Dale. På Shetland gjekk Strandenes inn i den vidgjetne Shetlandsgjengen og gjorde ein stor innsats som skipper på ei av skøytene. Sjølv opplevde han å drive i dagesvis på ein flåte ute i Norskehavet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.10.2010