Hopp til innhold
X
Innhald

Marinekommandoen til Balestrand

Kvikne´s Hotel i Balestrand var ei kort tid kommandosentral for den norske Marinen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvikne´s Hotel i Balestrand var ei kort tid kommandosentral for den norske Marinen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På same vis som hæren måtte trekkje seg ut av Bergen mot Voss, hadde Marinen den 12. april flytta kommandosentralen i desse første kaotiske krigsdagane frå Bergen til Kvikne's Hotel i Balestrand.

Kommandoen der vart kalla Sognefjord Sjøforsvarsavsnitt. Kommandoen disponerte m.a. eit par sjøfly som vart løynde i Esefjorden.

Dei små og opptil 66 år gamle krigsskipa som marinekommandoen på Vestlandet hadde til rådvelde, vart også trekte til Sogn i eit patetisk forsøk på å hindre at den moderne tyske marinen skulle trengje inn Sognefjorden.

Sjøforsvarsavsnittet disponerte jagarane «Garm» (bygd 1913) og «Troll» (bygd 1910), torpedobåten «Snøgg» (bygd 1920), ubåten «B 6» (bygd 1929), mineleggjarane «Gor» (bygd 1884) og «Vale» (bygd 1874!), og minesveiparane «Djerv» (bygd 1897) og «Dristig» (bygd 1898).

Dei to siste vart senka av eige mannskap, jagaren «Garm» vart senka den 26. april, og resten av den mildt sagt umoderne, vestlandske marineflåten vart teken som krigsbyte og uskadeleggjort av den tyske overmakta. Sognefjord Sjøforsvarsavsnitt kapitulerte den 1. mai, same dagen som sjefen for landforsvaret på Vestlandet kapitulerte og rømde nordover.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015