Hopp til innhold
X
Innhald

Militærleiren i Stryn

Den tyske brakkeleiren Friesenlager på Sundeflata stod ferdig i 1941. Foto frå boka Stryn under hakekorsflagget.

Den tyske brakkeleiren Friesenlager på Sundeflata stod ferdig i 1941. Foto frå boka Stryn under hakekorsflagget.

Tyskarane bygde ein av sine største militærleirar i Sogn og Fjordane i Stryn. Den viktigaste grunnen var vern av den strategisk viktige Strynefjellsvegen i tilfelle ein alliert invasjon.

Kring Stryn sentrum vart det bygd sterke stillingar, og ved Jøl bru ved Videseter vart det bygd vakthytte.

Brakkeleirar

I Stryn sentrum låg det store brakkeleirar på Sundeflata (Friesenlager), Bergem (Niedersachsenlager) og i Bø (Hansalager). Desse husa kring 900 mann. Staben budde på Visnes Hotel. Rundt leiren vart det lagt ut 143 landminer.

Steintrappene og porten inn til militærleiren Hansalager på Bø ligg der framleis som eit minne om krigen. I bakgrunnen Stryn ungdomsskule.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steintrappene og porten inn til militærleiren Hansalager på Bø ligg der framleis som eit minne om krigen. I bakgrunnen Stryn ungdomsskule.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mange krigsfangar

I ein periode hadde tyskarane samla 1.531 tyske krigsfangar i Stryn. På Fosnes i Oppstryn bygde tyskarane eit slakteri, stort proviantlager og fryseri. På Sundeflata vart det i 1941 bygt sjukehus med 70-80 senger. Sjukehuset vart etter krigen rigga ned og sendt til Nord-Noreg. Brakkene vart i mange år etter krigen nytta til sivile føremål. Etter 1943 flytta tyskarane styrkane sine nærmare kysten, og avdelinga i Stryn vart redusert til ein mindre vaktstyrke.

Sjukehus

På Sundeflata vart det i 1941 bygd sjukehus med 70-80 senger. Sjukehuset vart etter krigen rigga ned og sendt til Nord-Noreg. Brakkene var i mange år etter krigen nytta til sivile føremål.

Tyskarane rekvirerte Hotel Alexandra. Hotellet var mellom anna rekreasjonsstad for det tyske flyvåpenet, som heldt til i den nyaste bygningen til høgre, bygd i 1934.

Tyskarane rekvirerte Hotel Alexandra. Hotellet var mellom anna rekreasjonsstad for det tyske flyvåpenet, som heldt til i den nyaste bygningen til høgre, bygd i 1934.

Rekvirerte hotell

Okkupantane rekvirerte også ei mengd private bygningar og hotell i indre Nordfjord. M.a. vart Hotel Alexandra, Kvamme Hotell og Loen Pensjonat i Loen rekvirerte. Alexandra tente ei tid som forlegning for staben i Luftwaffe si flymeldingsteneste i Sogn og Fjordane. Frå 1941 vart ei avdeling på 50 soldatar plasserte i Utvik, der dei budde på Britannia Hotell. I Utvik låg ein flymeldepost på slutten av krigen. Avdelinga der fekk moderne snøfresarar til hjelp for å halde vegen over Utvikfjellet open. Desse fresane vart etter krigen sette inn på Strynefjellet. Tyskarane førebudde i 1942 ein leir for russiske krigsfangar på Bø, men leiren vart ikkje noko av. Like ved leiren i Stryn bygde tyskarane ei høg radiomast og installerte ein radiostasjon – Funkstelle Stryn - med stor rekkevidde. med denne kunne dei m.a. kommunisere med troppane på Åndalsnes.

Frå rivinga av ei av dei tyske brakkene i Stryn i 1946. Materialane vart brukte til kommunehus i Hornindal. Karane på biletet er frå venstre Einar A. Vellene, Per Heggen, Nils Sandnes og Olav Otterdal. Ukjend fotograf. Eigar: Peder A. Vellene/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Siste fase av krigen

Då Milorg-gruppa ”Snowflake” etablerte seg i Ålfot-fjella vinteren 1945, skulle ei av hovudoppgåvene til denne gruppe vere å sikre at tyskarane ikkje øydela den særs viktige rikstelefonsentralen i Stryn. Seinare lensmann Sigmund Årnes var sjef for Heimestyrkane i Stryn. Den store leiren i Stryn vart etter freden den 8. mai 1945 nytta som oppsamslingsleir for tyske krigsfangar frå kystforta i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 18.03.2011