Hopp til innhold
X
Innhald

Milorg i Sogn og Fjordane

Ragnar Ulstein i norsk uniform til høgre, til venstre eit falskt legitimasjonskort der han brukte namnet Fredrik Lied.

Ragnar Ulstein i norsk uniform til høgre, til venstre eit falskt legitimasjonskort der han brukte namnet Fredrik Lied.

På førjulsvinteren 1944 vart ei gruppe frå kompani Linge sett i land hos Martin Domben på øya Hovden ved Florø. Gruppa var leia av den 24 år gamle sunnmøringen Ragnar Ulstein. Han hadde fått i oppdrag å byggje opp ein Milorg-styrke Sogn og Fjordane.

Han reiste til Indre Sogn og organiserte gruppa «Siskin» i Sogndalsdalen. Kameraten Harald Svindseth sende han til Ålfotfjella, der gruppa Milorggruppa «Snowflake» skulle dekkje Fjordane. Saman med seg hadde dei militære leirane Ulstein/Svindseth også «sivile» distriktssjefar: Godseigar Hans H. H. Heiberg i Sogn og lensmann Alf Rosenlund i Fjordane.

På kort tid bygde dei opp ein styrke på 500-600 unge menn. Mange av dei fekk våpentrening på avsides stader, og tok imot store våpenlaster m.a. over våpenruta i Solund.

Kontakten mellom gruppene gjekk mykje med kurerar. Her spela m.a. prisinspektør Hans Faleide på Leikanger ein viktig rolle. Han kunne i yrkes medfør reise fritt i heile fylket utan å vekkje merksemd. Men det skulle vise seg at den ferske og vidsveimde organisasjonen var sårbar.

Opprullinga av Milorg vinteren 1945

Våpen og folk til Milorg

Spesialutdanna soldatar frå Kompani Linge kom frå Shetland, og tonnevis med våpen vart vinteren 1945 frakta frå Shetland og teke i land i Solund.

Milorg-basen i Sogndalsdalen

Hytta til sogndalskjøpmannen Olav Foss i Fossekamben i Sogndalsdalen vart valt til hovudkvarter for Siskin i Sogn.

Milorg i Frønningen

Etter ei dramatisk rømming frå Sogndalsdalen fekk Ragnar Ulstein reorganisert gruppa og la hovudkvarteret til skogane på Frønningen.

Les og Gestapo i Sogn og Fjordane

Krigshistoria:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015