Motstandsreiret Hjønnevåg

Hjønnevåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Alt det første krigssommaren 1940 vart Anton Hjønnevåg og sonen Martinus dregne inn i farlege oppdrag for motstandsrørsla då dei tok imot og skyssa norske agentar og utstyr. Noko av utstyret var frakta til handelsmann Nils Knutsen i Kilstraumen. Dei var også inn i Masfjorden med agentar og utstyr.

Nokre månader seinare vart agentrutene mot Solund opprulla mot Kilstraumen og Nils Knutsen. Ein sentral mann i transporten dit hadde vore skipper Ivar Duesund frå Masfjorden i Hordland. I februar 1941 slo Gestapo til mot Anton og Martinus Hjønnevåg. Dei vart forhøyrde på Gestapohuset i Bergen, men slapp fri. Ivar Duesund vart dømd av tysk krigsrett og avretta 22. oktober 1941. Andre fekk lange fengselstraffer.
I 1943 kom tre kommandosoldatar til Hjønnevåg. Dei hadde utført åtak med miniubåtar på hamna i Bergen og hadde vore på røming frå tyskarane i månadsvis. Fleire forsøk på å kome seg vestover hadde slege feil. Fleire ungdomar frå Hjønnevåg med Johan L. Hjønnevåg i spissen fekk båten og rømlingane til Storsundet, der dei tok i land radiosendar og anna utstyr og søkte båten i havet.
Rømlingane vart innlosjerte i ei laksehytte, der dei var trygge til dei kunne hentast til Shetland. Like etter kom 14 mann frå same Bergens-gruppa til Hjønnevåg, og vart i februar 1944 henta av Shetlands-bussane.

Storsundet, dit Johan L. Hjønnevåg drog med kommandosoldatane.
Les meir om krigshistoria i Solund.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 01.11.2011