Hopp til innhold
X
Innhald

Norske bombefly over Gulen

Mannskap frå Marinens Flyvæsen framfor eitt av flya på Flatøy før krigen. Eitt av flya vart stasjonert i Eivindvik i aprildagane i 1940.

Mannskap frå Marinens Flyvæsen framfor eitt av flya på Flatøy før krigen. Eitt av flya vart stasjonert i Eivindvik i aprildagane i 1940.

Under krigsutbrotet 9. april 1940 vart den norske marinen sine sjøfly ved stasjonen på Flatøy ved Bergen evakuerte i to grupper. Den eine vart stasjonert i Hardanger, og den andre i Sogn med Balestrand som hovudbase - sjå: Krigshistoria i Balestrand.

Sognefjord flygruppe hadde i desse første krigsdagane også provisoriske stasjonar i Eivindvik og Sogndal. I Eivindvik hjelpte bygdefolket til med å taue sjøflyet inn til land og kamuflere det. Eitt av dei norske flya i Sogn gjekk den 30. april til åtak på to tyske krigsskip ved Skjerjehamn utan at bombene traff. Dei to mineleggjarane «Tyr» og «Uller» hadde tyskarane erobra frå den norske marinen.

Skipa vart bomba på nytt ved Losna nord for Sognesjøen - sjå: Invasjon og vaktpostar. «Uller» vart skadd og sett på land. «Tyr» plukka opp mannskapet på det havarerte skipet og freista å stikke av mot Bergen, men vart på nytt angripen i Folefotsundet ved Eivindvik av ei gruppe norske soldatar som hadde teke seg vestover frå kampane i Valdres. Ein tysk marinegast vart drepen, og fleire som stod ute på dekk vart såra. «Tyr» svara på elden ved å fyre granatar mot land.

Etter åtaket på den tyske båten, evakuerte mykje folk frå Grønevik og Eivindvik fordi dei ottast at tyskarane ville hemne seg, men noko åtak kom ikkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2010