Hopp til innhold
X
Innhald

Offiserar i Bjordal

Bjordal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjordal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1701 vert garden Bjordal på sørsida omtala som ”offisersgard”, men den var då eigd av offiserer som budde der. Bjordal var på 1600- og 1700-talet ein av dei retteleg store gardane i ytre Sogn, og her budde det folk frå den danksætta kjøpmannsfamilien Bager i Bergen. Niels Bager var kaptein og budde i Bjordal, der han hadde to drengar og to tenestejenter på garden.

Då Niels Bager og ektemaken døydde i 1716 vart dei gravlagde under golvet i kyrkja på Kyrkjebø. Sonen til Niels Bager, Johan (Jan) Nielssen Bager (1682–1744), vart fut i Sunnhordland og seinare både lagmann og kanselliråd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010