Hopp til innhold
X
Innhald

«Oldenburg» senka ved Vadheim

”Oldenburg” slik skipet såg ut før krigen.

”Oldenburg” slik skipet såg ut før krigen.

Den 7. april 1945 gjekk 40 allierte fly til åtak på ein tysk konvoi som hadde lagt seg i ly under dei høge fjella i Vadheim. Mellom desse var handelsskipet «Oldenburg» på 4.595 tonn. Skipet vart stukke i brann og sokk. Ein sjømann vart drepen, og 11 andre vart såra.

«Oldenburg», bygd i 1914, har sidan vore eit populært mål for dykkarar. I 1990 omkom ein person under dykking på vraket.

På returen til England fekk eit alliert fly motorhavari etter åtak frå tyske jagarfly frå Herdla. Flygaren hoppa ut i fallskjerm over Sognefjorden og vart berga av lokale fiskarar. Dei ville gøyme han, men han valde å overgje seg til tyskarane for å unngå represaliar mot lokalbefolkninga. Han vart sett i fangeleir og overlevde krigen.

Eit anna fly vart så hardt skadd at det måtte naudlande då det kom heim til England. To av dei tyske angrepsflya vart også skotne ned og hamna i Sørstrandvatnet i Lavikdal, og ved Mørketjørn i Hyllestad.

Les meir om krigshistoria i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.04.2013