Hopp til innhold
X
Innhald

Opprullinga av Milorg vinteren 1945

På etterjulsvinteren 1945 gjorde Gestapo eit storvarp i Høyanger: Ein kveld NS-mannen Charles Litzheim skulle på telefonvakt hjå NS-fylkesførar Anders Brokstad, møtte han fabrikkarbeidaren Knut Vattekar som arbeidde på verkstaden ved aluminiumsverket. Vattekar var rusa og bad om å få vere med til fylkesførar Brokstad. Der fortalde han om ei motstandsgruppe på verket, om illegale aviser og anna motstandsarbeid. Han forklarte at dei andre freista å halde han utanfor gruppa, men dei måtte ikkje tru at han var så dum at han ikkje skjøna kva som gjekk føre seg! Etter at han hadde fortalt det han visste, bad Brokstad om at Litzheim fekk den rusa mannen heim utan at nokon såg kvar han kom frå. Brokstad fekk kvikt sendt opplysningane over til den lokale Sipo-sjefen Koestler og Gestapo-sjefen i Høyanger, Helmut Klötzer, og tidleg i februar 1945 slo Klötzer og co. til. Etter ei veke med arrestasjonar og tortur av folk i Høyanger hadde Klötzer fått nok opplysningar til å slå til mot namngjevne personar over heile fylket. Aksjonen var vel førebudd, og Klötzer hadde fått forsterkningar frå Bergen.

Norske torturistar

Rettsprotokollane viser at dei tyske gestapistane fekk ihuga hjelp av nordmennene Leif Krogsæther, Willy Arntzen og Gustav Wichne Ness då torturen starta. NS-folk frå Høyanger deltok aktivt i arrestasjonane, og kunne opptre svært agressivt både verbalt og fysisk, vart det vitna mot dei i rettssakene etter krigen. I Høyanger vart m.a. Harald Dale, Trygve Sæbø og Alfred Milde arresterte og svært hardt torturerte. Gestapo fekk vite at desse karane frå Høyanger hadde hatt kontakt med Milorg-gruppa ”Siskin” i indre Sogn. Kontaktpunktet var kjøpmann Olav Rise på Leikanger. Ein som har stadfesta at Harald Dale og Trygve Sæbø møtte Milorg-sjef Ragnar Ulstein hjå butikkbetjent Olav Rise på Leikanger, var tidlegare heradsagronom i Kyrkjebø kommune, Sverre Nordaas. I 1998 budde den då 85 år gamle Nordaas i Øystre Slidre. I eit intervju med forfattaren fortalde Nordaas at han tidlegare i krigen hadde vore aktiv motstandsmann i den såkalla Sivilorg. Vinteren 1945 vart han kalla inn til møte med Ragnar Ulstein i stova hjå Olav Rise. Ulstein var då i ferd med å skaffe nøkkelpersonar til Milorg i Sogn og Fjordane. Medan Nordaas og Ulstein sat i møte, kom Harald Dale og Trygve Sæbø frå Høyanger inn i rommet. Nordaas kjende dei to karane att frå tida si i Høyanger. Sverre Nordaas fortalde at det gjekk iskaldt ned etter ryggen då han kjende att dei to høyangermennene, for i ein hemmeleg organisasjon som Milorg var det ei grunnlov at ein ikkje skulle kjenne fleire enn dei aller nærmaste i organisasjonen. Ved å møte Ulstein i stova til Olav Rise visste m.a.o. dei to frå Høyanger namnet på tre nøkkelpersonar i motstandsrørsla i fylket: Ulstein, Rise og Nordaas. Desse opplysningane vart pressa ut av Dale og Sæbø under særs grov tortur. Ulstein og Nordaas vart åtvara om kva som var i ferd med å skje i Høyanger og kom seg i dekning, men Olav Rise vart arrestert. Som sentral kontaktmann for Ulstein i Sogn, kjende Rise namnet på ei rad nøkkelpersonar – m.a. om Martin Domben som hadde skyssa Ulstein og ei våpenlast frå Dombevågen nord for Flora og til eit butikklager på Leikanger-kaia tidlegare på vinteren. Olav Rise vart så grovt mishandla at han døydde få dagar etter arrestasjonen. Men Gestapo fekk vite det dei trengde: På få dagar vart 72 personar over heile fylket arresterte. Det gjekk m.a. hardt ut over nøkkelmannen for våpen- og agentrutene i Fjordane, Martin Domben (sjå Flora kommune) og folket på Torheim (sjå Eid kommune). Hadde ikkje det tyske nederlaget og freden vore like om hjørnet, kunne langt fleire av dei arresterte ha bøtt med livet.

Merknad frå forfattaren:

Alle ekspertar på norsk krigshistorie som forfattaren har tala med om Gestapo sine forhøyrsmetodar, seier det same: Den fysiske torturen og trugsmåla om represaliar mot familie og andre som dei arresterte vart utsette for under forhøyra, var så grove at ingen greidde å stå imot utan å gje opplysningar. Ingen av dei som sprakk og gav opplysningar under tortur og forhøyr, er såleis å laste for det som vidare hende. At arresterte under tortur vart pressa for viktige opplysningar om Milorg i Sogn og Fjordane vert også stadfesta av dei gjenlevande etter desse hendingane i rettsforklaringane som dei gav etter krigen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015