Hopp til innhold
X
Innhald

Opprullinga av Milorg

På slutten av krigen gjorde Gestapo storvarp. Etter angiveri frå ein arbeidar ved verket i Høyanger til NS-ordføraren Johan Arntzen om illegale aviser og anna motstandsrabeid, slo Klötzer og co. til:

Tidleg i februar 1945 slo arrestasjonsbylgja over heile fylket. Aksjonen var vel førebudd, og Klötzer hadde fått forsterkingar frå Bergen. Rettsprotokollane viser at dei tyske gestapistane fekk ihuga hjelp av nordmennene Leif Krogsæther, Willy Arntzen og Gustav Wichne Ness då torturen starta.

I Høyanger vart m.a. Harald Dale, Trygve Sæbø og Alfred Milde arresterte og svært hardt torturerte. Gestapo fekk vite at desse karane hadde hatt kontakt med Milorg-gruppa «Siskin» i Indre Sogn. Kontaktpunktet var kjøpmann Olav Rise på Leikanger. Han vart så grovt mishandla at han døydde få dagar etter arrestasjonen.

Men Gestapo fekk vite det dei trengde: På få dagar vart over 70 personar over heile fylket arresterte. Det gjekk m.a. hardt ut over nøkkelmannen for våpen- og agentrutene i Fjordane, Martin Domben og folket på Torheim (sjå Krigshistoria i Eid). Hadde ikkje det tyske nederlaget og freden vore like om hjørnet, kunne langt fleire av dei arresterte bøtt med livet.

Les meir om:

Krigshistoria:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.09.2010