Radarstasjon på Kråkenes

Like aust for fyret på Kråkenes bygde den tyske marinen ein radar i mars 1942.
Dette var to år før det store radaranlegget på Kjerringa på Stad vart bygt (sjå Krigshistoria i Selje).
Tyskarane plasserte også ei artilleritropp på Kråkenes. Dei hadde til rådvelde to russiske 76,2 mm kanonar, to franske 37 mm og tre tyske 20 mm luftvernkanonar. Den vesle festninga var også utstyrt med ein sterk lyskastar.
Les også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 28.10.2011