Hopp til innhold
X
Innhald

Rakettar på Røyset?

I Biskopshavn på Røyset like nord for Askvoll hadde tyskarane eit svært hemmeleg anlegg. Mykje tyder på at det var eit batteri for utskyting av synkeminer som skulle nyttast mot fiendlege skip i skipsleia like ved.

Ein gong vart bygdefolket ikring stillinga evakuerte medan dei testa ut «rakettbatteriet» sitt. Dette var på slutten av krigen, og truleg vart «minene» drivne av ein rakettmotor.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.05.2008