Hopp til innhold
X
Innhald

Rekvirerte hotell

Okkupantane rekvirerte også ei mengd private bygningar og hotell. M.a. vart Alexandra Hotell og Kvamme Hotell rekvirerte. Alexandra tente ei tid som forlegning for staben i Luftwaffe si flymeldingsteneste i Sogn og Fjordane.

Frå 1941 vart ein garnison på 50 soldatar plasserte i Utvik, der dei budde på Britannia Hotell. I Utvik låg ein flymeldepost på slutten av krigen. Avdelinga fekk moderne snøfresarar til hjelp for å halde vegen over Utvikfjellet open. Desse fresarane vart etter krigen sette inn på Strynefjellet.

Tyskarane førebudde i 1942 ein leir for russiske krigsfangar på Bø, men leiren vart ikkje noko av. På Skjolden bygde tyskarane ei høg radiomast og installerte ein radiostasjon med stor rekkevidde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.01.2010