Hopp til innhold
X
Innhald

Restar av den spanske armada i Norevikane?

Her ved Storholmen utanfor Norevikane skal eit spansk skip ha ankra opp i 1588. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her ved Storholmen utanfor Norevikane skal eit spansk skip ha ankra opp i 1588. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Segna seier at eit av skipa som søkte inn mot Norskekysten i 1588 etter at den engelske admiral Francis Drake hadde slege Den spanske armada, ankra opp i Norevikane.

Mannskapet slo seg til på dei største gardane i bygda. I lang tid etter hadde folket i desse bygdene mørkt hår og typiske spanske trekk, vert det sagt.

Liknande historier om ættlingar etter sjømenn frå Den spanske armada finn vi m.a. på Kråkenes i Vågsøy.

Les meir om krigshistoria i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010