Hopp til innhold
X
Innhald

Russarfangar i Flåm

Fretheim Hotel var offiserskaserne for tyskarane.

Fretheim Hotel var offiserskaserne for tyskarane.

Kring Flåm vart det bygt fleire skytestillingar, og i Fretheimshaugane vart det bygt bunkersanlegg. På Fretheim Hotell i Flåm rekvirerte tyskarane ei heil fløy som offiserskaserne. Der hadde dei eige kjøkken.

Elles bygde dei soldatbrakker på garden Brekke. Ei av brakkene vart brukt til russiske krigsfangar. Russarane vart frakta frå Årdal til Flåm på ein lekter. Då dei steig i land, vart ein russar skoten og drepen av ein tysk offiser fordi han gjekk ut av rekkja.

Russarfangane vart brukte som ”slavar” av tyskarane, men også 10-15 menn frå bygda vart jamt kalla ut til arbeidsteneste med transport og bygningsarbeid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.06.2011