Hopp til innhold
X
Innhald

Schefsgaarden Frivik

I 1792 vart garden Frivik vest for Kyrkjebø teken i bruk som offisersbustad for «Captainen i Yttre Sogn compagnie - Ladevigske compagnie». Garden var offisersgard fram til 1860.

Ein særmerkt offiser som budde i Frivik var oberstløytnant Jakob Gabriel Lund, som også vart første ordføraren i Lavik kommune frå 1837 til 1850. Lund hadde kommandoen på Eksersisplassen på Dingemoen i Dale, og budde i Frivik frå 1825 til 1850, då han flytta til Fresvik.

Lund dreiv garden i Frivik med paktar, men når han var heime stelte han i stand fine selskap i det herskapelege huset. Ei stund etter at Lund flytta til Fresvik, vart det store huset rive og flytta til Ortnevik. Sonen til Jakob Lund, som også heitte Jakob, vart ein kjend våpenkonstruktør som m.a. fekk gullmedalje av kong Oscar I. for ein pistol han hadde konstruert.

Les meir om krigshistoria i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2008