Hopp til innhold
X
Innhald

Shetlandsfarten

Fremad 2, eigd av Sverre Pollen, var ein av båtane som sette kursen vestover frå Solund til Shetland. Dette biletet er teke i 1946, då båten var heime att. Om bord står Agnes Monsen, Sverre Pollen og Kjell Monsen. Foto: Elisabeth Pollen, eigar Sverre Pollen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det første krigsåret gjekk rømingsrutene mot Shetland for det meste frå skjergarden i Hordaland. Etter kvart rekte tyskarane opp desse rutene, og aktiviten flytta seg lengre nord etter kysten.

Utvær og Hjønnevåg i Solund vart frå 1941 nokre av dei mest sentrale samlingspunkta for rømlingar som ville over til Shetland. Lengre nord var det Værlandet og Bulandet, Bremanger og Vågsøy.

Frykt for arbeidstenesta

Det var frykta for tysk arbeidsteneste som sette fart i Shetlandsfarten frå 1941. Mange ottast at arbeidstenesta berre var eit forspel før dei vart sende til Austfronten. Den første båten vestover frå Solund var gavlen «Ingeborg» den 27. august 1941 med sju personar ombord.

Johannes Mathiesen (i midten bak) saman med foreldra og syskena sine i 1930. Han vart ein sentral mann i motstandskampen i Solund. Framme frå venstre: Solveig, Hanna, Margit og Magnus Olai. Bak Borghild, Johannes og Kristoffer. Foto: K. Knudsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lensmann og prest i motstandskampen

Ein svært sentral person i organiseringa av Shetlandsfarten var lensmannen i Solund, Johannes Mathiesen. Også sokneprest Hjalmar Storeide gjorde ein stor innsats. Begge vart avsette av tyskarnane i 1943, men heldt fram med motstandsarbeidet.

Roald var ei av skøytene som gjekk frå Solund til Shetland med norske rømlingar. Ukjend fotograf.

Roald var ei av skøytene som gjekk frå Solund til Shetland med norske rømlingar. Ukjend fotograf.

Fleire skøyter frå Solund vart «stolne» av ungdomane som rømde vestover, og i mange tilfelle hadde eigarane gjeve eit forsiktig signal om at « det var berre å stele». Ei av dei kapra skøytene var «Steinborg» som drog til Shetland i 1941 med 13 ungdomar ombord.

Båtane var små, og mange gonger stod det om livet i stormen. Verst ute var 40 fot-skøyta «Thelma» som vart broten ned av ein kjempesjø. Motoren slokna, men skuta flaut og dreiv ei natt mot eit rev på Orknøyane. Dei 11 ombord berga seg i land i lettbåten.

Eineståande lojalitet

Så ope og gjennomsiktig som det var i bygdene i Solund, visste dei fleste «eitt eller anna» om den illegale Shetlands-trafikken og om MTB-ane som låg på lur ved skipsleia.

Men sulingane viste ei eineståande evne til å halde tett, og kjende krigshistorikarar framhevar sulingane som eit framståande døme på kor lojale kystfolket var under 2. verdskrig.

Les meir om krigshistoria i Solund.

Norsk MTB under andre verdskrigen.

Norsk MTB under andre verdskrigen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.07.2010