Hopp til innhold
X
Innhald

«Sirius» senka ved Bjordal

Rakettar treff ”Sirius” ved Bjordal.

Rakettar treff ”Sirius” ved Bjordal.

Den 9. januar 1945 vart lasteskipet «Sirius» på 938 tonn, tilhøyrande Det Bergenske Dampskipsselskap, senka i Fuglsetfjorden på Høyanger sørside.

Skipet var rekvirert av tyskarane, og låg oppankra på austsida av fjorden då det vart bomba med rakettar frå 13 allierte fly. Mannskapet budde på land og kom ikkje til skade. Skipet vart seinare heva og sett i drift att.

Les meir om krigshistoria i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010