Hopp til innhold
X
Innhald

Sjefsgarden frå Fresvik hamna i Førde

Bautaen i Fresvik til minne om krigen 1807-1814.

Bautaen i Fresvik til minne om krigen 1807-1814.

I Fresvik var det frå 1700-talet kompanieksersisplass. Eksersisplassen for Tjugumske Kompani låg på garden Høgheim.

På Skau i Fresvik - sjå Fresvik-godset - budde kompanisjefen i Sogn frå 1854 i eit drusteleg, to-etasjes hus med halvvalma tak.

Mo Jordbruksskule som den første i fylket vart starta i 1858, såg ein seg om etter eit høveleg skulehus. Fylket fann det i Fresvik. Det var den gamle «sjef-garden» for kompanisjefen.

Huset vart lemma ned og frakta med båt til Førde. Det tente som elevinternat og styrarbustad på Mo, og vart rive i 1970. I Fresvik bygde det militære også eit «telthus» i 1776 - dvs. ein lagerhus for militære effektar.

Krigsbauta i Fresvik

Ved kyrkja i Fresvik vart det i 1913 reist ein bautastein over 10 soldatar frå Fresvik som var med i krigen mot svenskane 1807-1814.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011