Hopp til innhold
X
Innhald

Skipa hesteavlslag og skapte dalasauen

Ola I. Hove med ein dølahest.

Ola I. Hove med ein dølahest.

Ein av offiserane som sette varige merke etter seg i Vik, var oberst Christen Christensen. Han skipa fjordhestlag i 1869, og det første hesteavlslaget i fylket, Vik Hingstebolag i 1873.

Ein annan offiser som sette merke etter seg i Vik, var Ditlev Fredrik Tillisch. Tillisch budde på Lillevange. Han og Christensen var føregangsmenn innan husdyravl, og importerte m.a. stamdyr av storsau frå England som dei selde til interesserte kringom i bygdene. Denne sauetypen skal ha lagt grunnlaget for den norske dalasauen.

Tillisch var også medskipar av Vik Sparebank i 1846 og var styreformann i 44 år.

Ein annan fargerik sjef på Viksmoen var oberst Nils Jørgen Gregersen frå 1894 til 1898. Han gjekk m.a. sterkt inn for at Jotunheimen skulle bli nasjonalpark - bortimot 100 år før denne fjellheimen fekk vernestatus.

Les også historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane

Den norske dalasauen skal stamme frå dyr som Tillisch og Christensen importerte frå England. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den norske dalasauen skal stamme frå dyr som Tillisch og Christensen importerte frå England. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.07.2011