Hopp til innhold
X
Innhald

'Solbris'-flyktning budde i Gulen

Under 2. verdskrig budde bergensaren Sofus Kahrs i ei hytte på Timbreøya, som han eigde ved Eivindvik.

Han var nazist og drog seinare til Austfronten for å kjempe mot russarane. Han vart arrestert og dømd for landssvik i 1945, men greidde i 1947 å røme frå fangeleiren ved Os i 1947 saman med andre nazistar. Dei tok seg heilskinna fram til Argentina i ein liten lystbåt som ein gong heitte «Solbris» og hadde tilhøyrt statsminister Chr. Michelsen. No heitte den «Blåveis». Då kona hans reiste etter til Argentina i 1949, vart Timbreøya selt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2007