Hopp til innhold
X
Innhald

Soldatar på flukt i aprildagane 1940

Ragnar Vigdal losa dei engelske soldatane frå Veitastrondi via Snauedalen (biletet) til Fjærland og vidare over Jostedalsbreen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ragnar Vigdal losa dei engelske soldatane frå Veitastrondi via Snauedalen (biletet) til Fjærland og vidare over Jostedalsbreen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I kampane i Gudbrandsdalen etter den tyske invasjonen i Noreg i april 1940, var det fleire grupper engelske soldatar som tok seg over til Årdal. Dei vart rådde til å røme dit fordi Valdres og Lærdal alt var hærsette av fienden.

Den første gruppa på ni soldatar hadde teke inn på hotell i Årdal og vart tekne til fange av tyskarane. Den andre gruppa vart innlosjert hjå bønder i Utladalen. Derifrå vart dei av norske kjentmenn losa i to grupper til Florø og Ålesunds-kanten, der dei vart henta av allierte skip over Nordsjøen.

Ragnar Vigdal førte dei

Ein av dei som var los på denne ferda mot Florø, var den seinare så kjende folkesongaren Ragnar Vigdal. Han fortalde at gruppa hadde teke seg frå Årdal til Skjolden og derifrå med båt til Dale før dei overnatta eit par dagar hjå Peder og Anna Vigdal i Vigdalen.

Dei vart først leidde av Hansina Vigdal til Leirdalen, der Ragnar Vigdal tok over gruppa og leidde den over til Veitastrond og Fjærland. Frå Fjærland leidde Ragnar Vigdal rømlingane over Jostedalsbreen til Lunde i Jølster. Derfrå leidde han og breførar Anders Lunde dei vidare til Eikefjorden, og mot utskiping over til England frå Florø-kanten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.04.2011