Soldatherberge på Kvikne's hotell

Kvikne´s Hotel var norsk hovudkvarter i 1940. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Dei norske styrkane heldt seg i Balestrand i om lag tre veker. I slutten av april søkte norske soldatar som var på flukt frå kampane kring Voss og i Valdres til Balestrand, der dei hadde eit kort opphald på Kvikne's hotell.
Den 1. mai deltok to norske sjøfly som var stasjonerte i Balestrand i åtaket på mineleggjarane «Uller» og «Tyr» ved Losna. Dei to norske krigsskipa var erobra av tyskarane. «Uller» vart skadd og sett i land (sjå Invasjon og vaktpostar i Solund).
Same dag kapitulerte styrkane i Sør-Noreg, og Sjøforsvarsavsnitt Sognefjord med hovudkvarter på Kvikne's Hotell vart oppløyst.
Hotellvertinna sa «nei»
Balestrand såg lite til okkupasjonmakta det første krigsåret. Men ein dag i juni 1941 sette eit tysk skip i land store styrkar - utstyrte som om dei hadde tenkt å bli verande ei tid. Men av ukjend grunn vart både troppar og utstyr i all hast skipa ombord att, og skipet reiste.
Same året baud tyskarane seg til å kjøpe Kvikne's Hotel, men Marta Kvikne nekta å gje hotellet frå seg.
Les også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 29.07.2011