Hopp til innhold
X
Innhald

Store festningsanlegg i Vågsøy

Restar av det tyske festningsanlegget på Moldøen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Restar av det tyske festningsanlegget på Moldøen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Etter Måløy-raidet 3. juledag 1941 vart det bygt ut ei rad store festningsanlegg kring Måløy.

Fort med tunge kanoner vart bygde på Halsør, Osmundsvåg, i Blålid og Vemmelsvik, og eit torpedobatteri på Angelshaug.

Føremålet var å sikre hamneanlegg i Måløy, skipsleia gjennom Ulvesundet og konvoiane som samla seg før dei la ut på den farlege ferda på det opne Stadhavet, og dessutan å sperre innløpet til Nordfjord. Sjå Fortet på Halsør , Fortet i Osmundsvåg og Torpedobatteriet på Angelshaug .

Saman med dei grove kanonane på Tangane på Rugsundøya (sjå Krigshistoria i Bremanger) og kanonstillingar på Skarstein og Aspeneset i Frøysjøen, skulle torpedobatteriet på Angelshaug og kanonane i Blålid og Vemmelsvik sperre innløpet til Nordfjord – sjå Store kystfort i Vemmelsvik og Blålid.

Refviksanden, der det var grave ned over 4000 landminer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Refviksanden, der det var grave ned over 4000 landminer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Over 7000 miner

I tillegg til store festningar med grove kanoner og torpedobatteri, var det lagt ut 7100 miner kringom på Vågsøy. Berre på Refviksanden var det grave ned over 4000 landminer! (Sjå Fortet på Halsør.) Fleire stader var vegane underminerte og klare for sprenging. Dette galdt m.a. vegen mellom Måløy og Holvik.

Alle dei største kaiene i Måløy var også underminerte og klargjorde for sprenging. Både i sjølve tettstaden og på fjellknausane ikring var det luftvern- og mitraljøsestillingar, og kommandopostar og ammunisjon var sikra i solide bunkerar.

Ved Sør-Vågsøy kyrkje i Måløy fører ein nyrestaurert trappestige med 250 trinn opp til kanonstillingar og vaktpunkt på fjellet over Måløysundet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.04.2010