Hopp til innhold
X
Innhald

Store kystfort i Vemmelsvik og Blålid

Måløyraidet fekk tyskarane til å byggje store festningsverk fleire stader i Vågsøy. Dette biletet viser ei kanonstilling på Blålidneset og er teke i 1945 etter den tyske kapitulasjonen. Dei norske heimefrontsoldatane som poserer på kanonløpet er frå venstre Olav Blålid, Bjarne Lund, Håkon Degnepoll og Leif Grønnevik. Ukjend fotograf. Eigar: Olav Blålid/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Blålidneset ligg søraust for Måløysundet, ved innløpet til Nordfjord. Like austafor Blålid ligg Vemmelsvik.

På begge stader bygde tyskarane store kystfort som saman med kanonane på Tangane (sjå Krigshistoria i Bremanger) på sørsida skulle sperre innløpet til Nordfjord.

Fortet i Vemmelsvik

var ferdig i august 1942. Her var det rigga opp fire franske 105 mm feltkanonar, to tyske 50 mm kanonar, to 20 mm luftvernkanonar, fire mitraljøsereir, tolv flammekastarar, og dessutan tre store lyskastarar. På nordsida av fortet hadde tyskarane eit uferdig minebelte med 46 miner då krigen var slutt.

Ein av kanonane på kystfortet i Vemmelsvik, ein 10,5 cm feltkanon frå første verdskrigen. Foto: Kystartilleriet, frå boka ”Fronten er kysten” av Kjell-Ragnar Berge.

Ein av kanonane på kystfortet i Vemmelsvik, ein 10,5 cm feltkanon frå første verdskrigen. Foto: Kystartilleriet, frå boka ”Fronten er kysten” av Kjell-Ragnar Berge.

Eige kasino

Mannskapet på 95 mann var samansett av to offiserar, 16 underoffiserar og 77 menige soldatar. Tyskarane nådde ikkje å byggje ferdig ein stor kommandobunker med plass til forlegning av 70 mann før krigen var slutt. Soldatar og russiske krigsfangar som vart nytta til å byggje anlegget, var forlagt i 10 brakker som var spreidde innover grenda. I offisersmessa var det bibliotek og kinosal, og leiren hadde eiga sjukestove.

Etter krigen nytta det norske forsvaret anlegget i Vemmelsvik i fem år før det vart lagt ned. Dei store kanonane stod til 1982, då Forsvaret flytta dei til eit museum på Hegra festning i Trøndelag.

Fortet i Blålid

var stridsklart i april 1944. Kanonane vart då flytta frå eit fort på Flokeneset ved Førdefjorden. Hovudskytset var fire franske 105 mm kanonar, ein russisk 45 mm panservernkanon, ein engelsk 25 mm kanon, to tyske 20 mm luftvernkanonar, fire mitraljøser og tolv flammekastarar. Fortet hadde også to store lyskastarar. Kring fortet vart det lagt ut 1613 miner.

Jaga silvilbefolkningen

Mannskapet på 88 mann var samansett av ein offiser, 16 underoffiserar og 71 menige. Bygdefolket vart jaga bort og soldatane innkvarterte i rekvirerte privathus. Litt opp i bakkane var det bygt ein bunker for kommandoplass og sambandssentral.

Tilliks med Vemmelsvik vart dei store kanonane i Blålid demonterte i 1982 og flytta til museum på Hegra festning i Trøndelag.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.05.2012