Hopp til innhold
X
Innhald

The British Club

Det var mange unge menn frå Flora som rømde til Storbritannia under krigen. Fleire av dei kom att med britisk kone. Det var så mange av dei at dei skipa ein British Club i Florø. Her er nokre av dei. Frå v. Olive Sundal, Ragnhild Espelid, Ruth Liset, Jenny Hovden, Evelyn Gjøringbø, Randi Stavnum, Irene Ulriksen, Winnie Seljeseth  og Pamela Holt Sunde. Foto: Firdaposten.

Det var mange unge menn frå Flora som rømde til Storbritannia under krigen. Fleire av dei kom att med britisk kone. Det var så mange av dei at dei skipa ein British Club i Florø. Her er nokre av dei. Frå v. Olive Sundal, Ragnhild Espelid, Ruth Liset, Jenny Hovden, Evelyn Gjøringbø, Randi Stavnum, Irene Ulriksen, Winnie Seljeseth og Pamela Holt Sunde. Foto: Firdaposten.

Mange unge menn som rømde til Storbritannia under 2. verdskrig, eller som tenestegjorde som krigsseglarar i den norske handelsflåten i krigsåra, fann seg kjærestar og vart gifte med engelske kvinner og stifta familie. Ein av mennene som stifta familie og gifta seg i England, var den kjende Linge-soldaten Atle Svardal frå Florø. Han var telegrafist, og vart skoten av tyskarane på eit oppdrag ved Frøysjøen rett før krigsslutt i 1945. Enkja Edith og sonen Atle jr. deltok i gravferda til Atle Svardal i Florø like etter krigen.

Då krigen var over, flytta mange av dei utanlandske kvinnene med ektemennene til Noreg. Men for mange vart møtet med fattigslege norske bygder eit kultursjokk som dei ikkje tolde. Svært mange braut difor opp og freista å kome seg tilbake til England så snøgt råd var. Desse kvinnene vart samla på eit herberge i Laksevåg i Bergen som gjekk under namnet Ladyhouse. Der budde dei til dei kunne sendast heim.

I Florø skipa dei britiske kvinnene sin eigen ”The British Club” i 1947. Dei som skipa klubben var Pamela (Pam) Holt Sunde, Winnie Seljeseth, Evelyn Gjøringbø, Olive Sundal og Betty Nyhus. I 1948 kom også Peggy Hovden med i klubben.

The British Club hadde møte kvar veke, og på møta var det eit vilkår at det berre vart tala engelsk. Elles i fylket kjenner vi til at Monica Hoddevik flytta til Måløy med ektemannen Otto etter krigen. Det same gjorde Ann Dale og Helen Pettersen som slo seg ned saman med ektemennene sine i Dale i Sunnfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2014