Hopp til innhold
X
Innhald

Toget som ikkje let seg stogge

Den 9. april 1940 fekk jernbanearbeidarar oppe på fjellet ordre om å sperre Bergensbanen.

Dette freista dei å gjere ved å rive opp skinnegangen i Gravahalstunnelen, og så sende eit lokomotiv inn i tunnelen, der det skulle spore av og lage sperring. Lokomotivet vart utrusta med haugar med piggtråd, gamle jernbaneskinner på kryss og tvers og sendt for full maskin avgarde - inn i tunnelen.

Men mot alle odds: Lokomotivet «hoppa over» der skinnene var fjerna og heldt fram si ville ferd vidare vestover - heilt forbi Uppsete og langt ned til Mjølfjell. Der kopla bremsene seg inn på det herrelause lokomotivet slik at det stansa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.05.2008