Hopp til innhold
X
Innhald

Tysklandsbrigaden

I sju etterkrigsår - frå 1947 til 1953 - stilte Noreg med ein heil brigade soldatar som vaktstyrke i Tyskland – den såkalla Tysklandsbrigaden.

Forhandlingane om norsk innsats i Tyskland etter den 2. verdskrig starta mellom den norske eksilregjeringa i London og dei andre allierte alt i 1943. Britane ville at Noreg skulle stille med kring 12.000 mann til Tysklandsbrigaden, men i 1946 ville ikkje Stortinget gå med på meir enn «inntil» 4000 mann.

Hundrevis av vernepliktige frå Sogn og Fjordane tenestegjorde i Tysklandsbrigaden frå 1947 til 1953, og i 1990 skipa dei «Tysklandsbrigadenes Veteranforening, avdeling Sogn og Fjordane».

Veteranar frå Tysklandsbrigaden paraderer i Måløy 8. mai 2005. Foto: Fjordenes Tidende.

Veteranar frå Tysklandsbrigaden paraderer i Måløy 8. mai 2005. Foto: Fjordenes Tidende.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.09.2011