Hopp til innhold
X
Innhald

Ubåtjakt i Sognefjorden

16 marinefarty, leia frå fregatten KNM Trondheim, var med i leitinga etter ubåten i Sognefjorden. Arkivfoto NRK.

16 marinefarty, leia frå fregatten KNM Trondheim, var med i leitinga etter ubåten i Sognefjorden. Arkivfoto NRK.

Den mest «krigerske» hendinga i Sogn og Fjordane etter 2. verdskrig var då det i 1972 vart sett i gang ei stor jakt etter det som ein meinte var ein fiendtleg ubåt i Sognefjorden.

Dette hende i åra med «den kalde krigen», då aust- og vestmaktene vakta på kvarande med stor mistru:

Norges forsvar har dummet seg ut overfor hele verdenspressen. Hvorfor har man ikke maktet å tvinge ubåten opp? Det meinte VG 27. november 1972.

Norges forsvar har dummet seg ut overfor hele verdenspressen. Hvorfor har man ikke maktet å tvinge ubåten opp? Det meinte VG 27. november 1972.

I 1972 melde to menn på Vangsnes at dei hadde sett det som kunne vere eit ubåtperiskop ute på Sognefjorden. Dette utløyste ein militæraksjon utan like: Fire fregattar, to ubåtar, 10 MTB-ar og to militære helikopter vart sende til Sogn for å spore opp «ubåten» og tvinge den til overflata. Det vart avfyrt rakettar og sleppt søkkjeminer både her og der utan at nokon fiende viste seg.

Munningen av Sognefjorden vart nærmast stengt av marineskipa som skulle hindre ubåten i å sleppe ut. Eit mystisk marinefarty vart først tolka som eit russisk skip som var på veg for å fri ut ubåtmannskapet sitt frå klemma – før ein oppdaga at det var eit fransk militært skulefarty på fredeleg oppdrag i Sogn!

Verdspressa strøymde til

Marinen dreiv jakt på den ukjende «ubåten» i 16 dagar, og verdspressa strøymde til Sogn for å dekkje hendinga.

Johan Kleppe som var forsvarsminister i 1972. Foto: NRK.

Johan Kleppe som var forsvarsminister i 1972. Foto: NRK.

- Ubåten var sovjetisk

Først i 2005 valde forsvarministeren frå den gongen, Johan Kleppe (Sp), å fortelje sanninga kring ubåtjakta i Sognefjorden: Frå sin faste observasjonspost ved Øresund hadde NATO registrert ei gruppe austeuropeiske ubåtar på veg ut i Nordsjøen. Etter at dei hadde passert Øresund, miste vestlege militære kontakten med ein av desse ubåtane.

Det vart sleppt synkeminer og avfyrt rakettar for å tvinge ubåten opp. Foto: NRK.

Det vart sleppt synkeminer og avfyrt rakettar for å tvinge ubåten opp. Foto: NRK.

Nokre dagar seinare kom rapportane om ubåtobservasjonar ved Vangsnes i Sognefjorden. Forklaringa på korleis periskop m.m. såg ut etterlet ingen tvil mellom militære ekspertar om at det var ein sovjetisk ubåt som ulovleg hadde teke seg inn i norsk territorialfarvatn. Kleppe valde å gå ut med desse opplysningane etter at høgtståande militære som hadde teke del i leitinga, endå ein gong hadde hevda at dei ikkje hadde kontakt med nokon framand ubåt i Sognefjorden.

Også seinare har det vore gjort observasjonar av ukjende ubåtar i Sognefjorden. Det har vorte gjort enkle søk utan at ein har funne noko.

Sogndalsfjorden var sentral i leitinga. Politiet og forsvaret fekk fleire rapportar frå folk som meinte at dei hadde gjort sikre observasjonar av ein framand ubåt i fjorden. Arkivfoto NRK.

Sogndalsfjorden var sentral i leitinga. Politiet og forsvaret fekk fleire rapportar frå folk som meinte at dei hadde gjort sikre observasjonar av ein framand ubåt i fjorden. Arkivfoto NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.09.2011