Hopp til innhold
X
Innhald

Ulvedals-veten og vetestova

På Ulvedal ved Blakset står framleis den gamle vetestova, der mennene som vakta Ulvedalsveten søkte ly. Den vesle bygningen er restaurert, og har bygningelement som truleg skriv seg tilbake til mellomalderen.

Denne vetestova er den einaste i Noreg som står på sin opphavelege plass. På Sogn Folkemuseum er det bevart ei vetestove som stod på fjellet Grånosi ved Lærdalsfjorden - sjå Gamle bygningar i Lærdal.

Sjå elles under Vågsøy kommune: Det gamle vetesystemet i Nordfjord

Rekonstruksjon av tradisjonen med vardevakt ved vetestova på Ulvedal. I døropninga Leiv Blakset, som var sentral i arbeidet med å restaurere vetestova. Ukjend fotograf.

Rekonstruksjon av tradisjonen med vardevakt ved vetestova på Ulvedal. I døropninga Leiv Blakset, som var sentral i arbeidet med å restaurere vetestova. Ukjend fotograf.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.05.2012