Hopp til innhold
X
Innhald

Vik og 2. verdskrig

MS ”Balboa” som vart utsett for flyåtak i Framfjorden i 1940.

MS ”Balboa” som vart utsett for flyåtak i Framfjorden i 1940.

Ved krigsutbrotet i 1940 vart det svenske skipet «Balboa» bomba i Framfjorden av tyske fly. Flya sleppte ved første åtaket to bomber som fall i utmarka på Flæte. I siste runden fall to bomber i sjøen, og skipet vart ikkje råka. Ein norsk marinebåt som låg i Framfjorden, skaut mot flyet utan å skade det.

Ved krigsutbrotet kom ein mineutleggjar til Vangsnes. Med hjelp frå bygdefolket vart det rigga til eit kanonbatteri like ved Fridtjof-statua. Folk var redde, og flytta unna kaia der båten låg. Kanona vart demontert etter nokre dagar.

På grunn av tyskarane si framrykking over Voss, fekk folk på sørsida av Sognefjorden ordre om å flytte båtar nord om fjorden, eller søkkje dei for at fienden ikkje skulle kunne nytte dei. Såleis vart motorbåten «Jarl» i Fresvik søkkt, og robåtar rodde til nordsida.

På Ligtvor er det godt oversyn over Sognefjorden mot Balestrand. Her vart det bygt ein flymeldepost i 1939. Neset i bakgrunnen er Simlenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Ligtvor er det godt oversyn over Sognefjorden mot Balestrand. Her vart det bygt ein flymeldepost i 1939. Neset i bakgrunnen er Simlenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Ligtvor, som har vid utsikt overt Sognefjorden, vart det i 1939 bygd ein norsk luftvarslingspost med eit mannskap på fem mann. Vaktposten var under norsk kommando til 1. mai 1940. Då overtok tyskarane for resten av krigstida. Vaktmannskapet på Ligtvor talde 8-10 mann. Her var det vakttårn, tre hytter og skyttargraver mellom husa.

DS ”Kommandøren” vart brukt til å frakte menn som vart mobiliserte i aprildagane 1940. Biletet er frå kaia i Vik, der mykje folk var møtt fram for å ta farvel med dei som skulle i krigen. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Mobilisert for tredje gong i 1940

Johan O. Hove (1882–1953) frå Vik har ein sjeldsynt «rekord» å vise til: Han var utdanna på underoffiserskulen og vart for første gong mobilisert i dei spanande dagane kring unionsoppløysinga i 1905 og send til svenskegrensa. I 1914 vart han på nytt mobilisert til såkalla nøytralitetsvakt. Siste gong Johan O. Hove vart mobilisert, var den 9. april i 1940. I ein alder av 58 år vart han mobilisert som reservebefal. Han møtte på Voss, men kom ikkje i kamp.

Annonse for ei stemne som Sogn krins av Nasjonal Samling skulle ha i Vik og Balestrand. NS stod sterkt i Vik samanlikna med resten av fylket. Av annonsen går det fram at statsråd Gulbrand Lunde (med tilknyting til Vik) skulle halde tale.

Mange NS-folk i Vik

Ingen kommunar i Sogn og Fjordane hadde så mange nazistar som Vik under 2. verdskrig. I Vik var det 41 personar innmelde i Quislings parti Nasjonal Samling. Lokalkjende meiner at seks av desse var innflyttarar til bygda. Her som elles i fylket, kom svært mange medlemer frå nokre få familiar. I august 1942 heldt Nasjonal Samling krinsstemne i Vik med parade og tale av propagandaminister Gulbrand Lunde. Frå Vik reiste det tre unge menn som frontkjemparar til Austfronten: Sven Svendsen som var son til NS-ordføraren i Vik, Sigurd Bø som vart såra under kampane på Austfronten, og Oddvar Hornes f. 1922. Den siste fall i juni 1943 ved Srednj i Ukraina. To av brørne til Oddvar Hornnes, Nicolay og Ragnar, var begge aktive motstandsfolk og vart begge arresterte av tyskarane.

Sverre Riisnæs og familien fotografert i barnedåpen til sonen Hogne i 1927. Sverre sit lengst til venstre saman med kona Aslaug f. Welle. Bak foreldra til Riisnæs, Petra Hansine Maria og Harald Johan Riisnæs saman med sokneprest Sverre Daae. Foto: O. P. Fosse. Eigar: B. F. Holstad/Vik lokalhistoriske arkiv.

To nazi-ministrar frå Vik

To nazi-ministrar frå Vik

To av Vidkun Quisling sine ministrar hadde begge nær tilknyting til Vik: Propagandaminister Gulbrand Lunde og justisminister Sverre Riisnæs. Riisnæs var son av ein advokat frå Nordhordaland som slo seg ned i Vik, der Sverre Riisnæs voks opp. Gulbrand Lunde hadde gjennom slektskap i ei offiserfamilie nær tilknyting til «Tillisch-garden» på Vange, og då han og kona omkom ved ei bilulukke i Romsdal i 1942, vart paret gravlagde ved Hopperstad stavkyrkje.

I 1945 vart m.a. dei forhatte Gestapo-leiarane Helmut Klötzer, Georg Esswein og Ernst Hofmeier sette i forvaring i Vik hjelpefengsel. Dei hadde gjort seg skuldige i tortur og andre brotsverk medan dei leia Gestapo-avdelinga som var stasjonert i Høyanger - sjå Gestapo i Sogn og Fjordane.

To jenter som møtte til arbeidsteneste i Vik. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

To jenter som møtte til arbeidsteneste i Vik. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

AT-leiren i Vik

Frå 1934 og under 2. verdskrig dreiv dei norske nazistane, Nasjonal Samling, såkalla Arbeidsteneste (AT) for ungdom. Under krigen vart ungdomen tvangsinnkalla til å utføre ulikt «pionér»-arbeid - m.a. vegbygging, skogplanting og nydyrking. Dei som var innom, minnest framleis den militære linjeeksersisen med ein blankpussa spade i staden for gevær.

Det spreidde seg rykte om at AT-leirane skulle vere ein forpost før norsk ungdom vart sendt til Austfronten som soldatar. Difor var det svært mange som rømde landet til Shetland og Sverige for å sleppe unna den forhatte arbeidstenesta.

I Sogn Fjordane var det fem AT-leiarar: I Vik, Hermansverk, Eid, Bremanger og Aurland. Den på Leikanger var den største (sjå: Krigshistoria i Leikanger). Den første AT-leiren i Vik kom i 1943, då unge kvinner frå Bergens-området brukte ungdomshuset Vikjahalli som kvarter og gjorde teneste på gardane i bygda.

Den andre leiren i Vik sommaren 1944 var for unge menn. Den var sett opp med to tropper, og Vik kommune stilte Hopstock Hotell, Vikjahalli og Frelsesarmeen sitt forsamlingshus vederlagsfritt som kvarter for AT-styrken, som m.a. bygde 750 meter gardsveg frå Tenold til Stadheim.

Under krigen vart bøndene tvinga til å levere poteter til okkupasjonsmakta. Her står dei i kø på Vikøyri. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Under krigen vart bøndene tvinga til å levere poteter til okkupasjonsmakta. Her står dei i kø på Vikøyri. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Adolf Hitler vitja Sogn

Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet «Deutschland».

Våpenlager i Hovsåsen

Under heile krigen låg det eit større norsk våpenlager i Hovsåsen. Våpna var først samla i ungdomshuset Vikjahalli, og vart organisert av brørne Anders og Einar Holstad i 1939. Då Noreg vart overfalle i april 1940, vart våpna flytta til ein heller i Hovsåsen. Gestapo leita etter dette våpenlageret også under rassiaen i 1943 (sjå nedanfor), men fann det ikkje.

Å høyre på norsk radio frå London vart viktig for mange under krigen, men det var strengt forbode å ha radio. Denne radioen av merket Rex var gøymd i høyet på låven til Einar Holstad. Foto: Arne Inge Sæbø. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Arrestasjonar 1943

I januar 1943 slo Gestapo til i Vik og arresterte åtte menn, mellom desse distriktslege Peter Frimann Koren og sokneprest Hallvard Søvde. Det var ei tenestejente hjå distriktslegen som hadde fortalt nazistane at husbonden hadde våpen. Ved razzia fann Gestapo eit par gevær og ei uniform, og seinare nokre illegale aviser. Sokneprest Søvde, som hadde kjennskap til norske Shetlands-fararar, sat i tysk KZ-leir til freden. Dei andre fekk mildare straffer.

Krigshelten som vart avretta

Sjå også historia om krigshelten Christian Fredrik Fasting Aall, som vart avretta i 1943.

Nazistane i Vik på veg til kaia 31. mai 1945. Dei vart internerte på Helgheim i Sogndal. Dei blir passa på av soldatar frå heimestyrken i Vik. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Falne og omkomne frå Vik

Åtte vikjer miste livet i kampen mot okkupasjonsmakta - dei fleste ved krigsforlis.

Folk frå Vik i tysk fangenskap

Vik var kommunen med flest NS-medlemer, men var og ein av kommunane der flest vart sende i tysk fangenskap.

Vikjer i vaktstyrken ved Helgheim i Sogndal etter den tyske kapitulasjonen i 1945. Framme frå venstre Bernt Ekkern, Eilif Rivedal, løytnant Hegg, Bernt Kristiansen, politifullmektig Slåttsveen, Per Breilid, Arne Sandvoll og Ragnar Finden. Bak frå venstre Birger Vikøren, Ottar Brekke, Richard Kvamme, Nils Myrkaskog, Nicolay Hornnes, Johannes Brekke, Torleif Seim og Helje Nummedahl. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 01.11.2012