Hopp til innhold
X
Innhald

Vikingslaget i Stavenesvågen

Illustrasjon frå Snorre.

Illustrasjon frå Snorre.

Segna vil ha det til at gravhaugane på Stavenes kan stamme frå vikingetida, då det stod eit slag på Stavenesvågen, som truleg er det vi i dag kjenner som Stongfjorden. Etter Snorre skal slaget ha vore mellom jarlen Håkon Grjotgardsson og Atle Jarl (sjå Gaular kommune - Osen gard) om herredømet på Vestlandet. Håkon jarl fall, og Atle jarl fekk også banesår. Han vart førd til storgarden på Atløy, der han døydde.

Ein veit ikkje sikkert kvar denne garden på Atløy låg, men den vert nemnd i einskilde kjelder som "kongsgard". Nokre meiner den låg på Herland. På denne garden skal Egil Skallagrimsson ha drepe gardsstyraren Bård i eit drikkelag. Også Erik Blodøks (sjå denne - Flora kommune) skulle ha vore med på spetakkelet i "kongsgarden". Han sette etter manndreparen Egil, men han berga seg ved å symje over til ei øy - truleg Sauesundøy.

Stongfjorden. Her skal det ha vore eit vikingslag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stongfjorden. Her skal det ha vore eit vikingslag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.06.2010