Faktaboks

Albert Joleik
Fødd
14. mars 1880, Florø
Død
30. april 1968, Bergen
Verke
Journalist og forfattar
Familie

Foreldre: Handelsmann og gardbrukar Abraham Andersson (1854–1931) og Susane Abrahamsdotter Vasset (1854–1951).

Gift 1) el. sambuar med Wanda Nesja, forholdet avslutta; 2) 23.12.1912 med lærar Olava Hjulstad (12.4.1888–5.8.1965), dotter av Olav Nilson Hjulstad og Amalia Kristine Andreasdotter (f. 1869).

Navneendring til Joleik etter løyve frå 1905.

Albert Joleik

Albert Joleik i 1965

Albert Joleik
Av /NTB Scanpix ※.
Albert Joleik
/Fylkesarkivet i Vestland.
Albert Joleik i 1946
/Studentene fra 1896. .

Albert Joleik var ein norsk journalist, avisredaktør, aviseigar, oversetjar, bygdebokforfattar og gardbrukar som var utdanna cand.real. og offiser. Han skal ha vore den første som skreiv på nynorsk då han gjekk opp til eksamen ved Universitetet i Oslo, noko sensorane visstnok sette liten pris på.

Joleik var fødd i Florø. Som ungdom vart han send til Bergen for å gå på skule, og han tok examen artium der som 16-åring – den yngste i landet det året. Foreldra gav seg ikkje, studenten skulle studere, og med pengehjelp frå velhaldne bergensarar drog Albert vidare til Kristiania for å studere.

I 1902, berre 22 år gamal, vart Albert cand.real. ved universitetet, med halvt om halvt naturlære og filologi. Han var truleg den første som fekk godkjent ei eksamensoppgåve på nynorsk ved universitetet. Året etter tok han Krigsskulen og vart sekondløytnant. I åra 1905–1908 gjorde Albert, som då hadde teke etternamnet Joleik, teneste som offiser i Kongostaten i Afrika, under kong Leopold 2. av Belgia. Attende i Noreg tok han nokre vikariat som lærar, men satsa så som bladmann.

Joleik gav ut avisa Spegjelen i Trondheim på eige initiativ i åra 1911–1913. I 1914 vart han henta til Gula Tidend i Bergen som redaksjonssekretær, og der vart han seinare bladstyrar. Frå 1923 tok han til å gi ut ei eiga avis, Fjordaposten, i same byen. Fjordaposten og tida som bladstyrar tok slutt med andre verdskrigen i 1940, og Joleik arbeidde resten av livet som bygdesogegranskar frå Bergen og som gardbrukar i Sunnfjord.

Joleik engasjerte seg breitt gjennom heile livet og var aktiv i fleire mållag, bygdelag og presseorganisasjonar, både i Vestlandske Mållag, Norsk Måldyrkingslag, Vestmannalaget, Bergen Presseforening og Norsk Bladmannalag.

Frittalande bladstyrar

Joleik var særleg aktiv i målpressa i tida 1911–1940. Ikkje som upolitisk bladfyllar, det rekna han mest som bortkasta tid. Det var sjølve folkemeininga Joleik ville vere med å påverke. Med dei to avisene Spegjelen og Fjordaposten laga Albert Joleik eit rom for seg sjølv i norsk presse. Det første var eit iltert lite målblad, og det andre eit markant trekk i Bergen gjennom 17 år. I begge avisene var Joleik sjølv redaktør med ansvar for innhaldet, eigar og sjef for forretningsdelen av drifta.

Som einmannsføretak var både Spegjelen og Fjordaposten prega av eit personleg uttrykk. Både Joleik sin eigenarta person og dei råkande språklege vendingane hans stod sentralt, men òg det store mangfaldet i interesser og kunnskap. Avisene spegla ein samansett identitet, i spenninga mellom by og bygd, mellom akademia og bondeliv, mellom nasjon og profesjon.

Joleik si sjølvkjensle viser seg òg i namneskiftet han gjorde i 1905, lenge før han slo seg opp som journalist og skribent. Han var lei av å bere eit så vanleg etternamn som Andersen og laga seg eit eige etternamn, det gamalnorske mannsnamnet Joleik. Han fann òg på andre namn. Det var mellom anna Joleik som lanserte namnet Norsk AllkunnebokHans Aarnes skulle gi ut dette kjempeverket. Ordet allkunne var ei elegant nyskaping samanlikna med det tungvinte «konversasjonsleksikon».

Målsak og bygdenorske verdiar

Joleik interesserte seg tidleg for målarbeid og bygdenorske verdiar og var aktiv i nynorsk organisasjonsliv livet ut. Skriftspråket han nytta, låg nær opp til talemålet hos bygdefolk, og Joleik var truleg den første studenten som leverte delar av embetseksamen på nynorsk. Det var så vidt han fekk han godkjent.

Målavisene såg Joleik som målrørsla sin beste reiskap. Spegjelen og Fjordaposten tente fleire viktige funksjonar knytte til målarbeidet, og Joleik la ofte fram personlege synspunkt på målsaka i spaltene. Han slutta seg til viktige trekk ved målreisingsideologien, men formidla idégrunnlaget på sin eigen måte.

I aukande grad heldt han ei uavhengig partipolitisk linje, men gjennom redaktørrolla stod han fram som ein ihuga maktkritikar og idealistisk pådrivar innanfor norsk målreising og for profesjonaliseringa av presseyrket. Han stod for ei sterk nasjonal orientering og var oppteken av bygdenorske verdiar. Det var særleg ideen om det harmoniske bondesamfunnet han gjekk i forsvar for, med den sjølveigande bonden som ideal – helst den bonden som kunne rekne forfedrane sine langt tilbake i tida som norske.

Sogeskrivaren

I tiåra etter krigen brukte Joleik vintrane ved statsarkivet i Bergen. Der grov han dagen lang i gamle dokument, noko som resulterte i solide og faktatette band med bygde- og gardssoger. Alle bygder i Sunnfjord fekk si historie skriven. I tillegg til Sunnfjordsoga i to band fekk Jølster, Bremanger og Flora kvar sitt omfangsrike verk.

Som sogeskrivar gjekk Albert Joleik breitt til verks og presenterte alt frå eigne teoriar om stadnamn til detaljert informasjon om gardslivet ned til kva funksjon hunden og katten hadde på gardane.

Han heldt fast ved ei klassisk nynorsk rettskriving tett opp til sitt eige mål, men brukte teiknsetjing frå norrøn lydlære, der han mellom anna markerte opne og tronge vokalar. Det var under gymnastida i Bergen at Joleik vart målmann, då han såg at «norrøna var mor til synnfjordmål og alle andre norske målføre». Han omsette fleire norrøne soger til nynorsk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Finn Bjørn: «Albert Joleik», i Gunnar Hagen Hartvedt (red.): Tidige typer – Femten fargerike Bergensprofiler. Oslo 1969
  • Gerdfinn Eithun: «Eit portrett av Kongo-fararen Albert Joleik», i Kirsten Aslaker Kjerland og Anne K. Bang (red.): Nordmenn i Afrika – Afrikanere i Norge. Bergen 2002
  • Norhild Joleik: Albert Joleik – bladstyrar i brytingstid, Pressehistoriske skrifter nr. 4/2005
  • Norhild Joleik: «Identitet, nasjon, profesjon. Albert Joleik si redaktørrolle i eit motkulturelt og profesjonssosiologisk perspektiv». Hovudoppgåve i medievitskap ved Universitetet i Bergen 2004
  • Idar Stegane: «Olav Joleik», i Kirsten Aslaker Kjerland og Anne K. Bang (red.): Nordmenn i Afrika – Afrikanere i Norge. Bergen 2002

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg