Faktaboks

Anders Fannemel
Fødd
13. mai 1991, Hornindal
Anders Fannemel
Anders Fannemel under medietreffet til hopplandslaget i 2019.
Av /NTB Scanpix.
Anders Fannemel

Anders Fannemel hoppar 251,5 meter og set ny verdsrekord under verdscuprennet i skiflyging i Vikersundbakken i 2015.

Av /NTB Scanpix.

Anders Fannemel er ein norsk tidlegare skihoppar. Han har fire individuelle verdscupsigrar og VM-gull i laghopp og i skiflyging laghopp. Han konkurrerte for Hornindal IL.

Tidlege år

Fannemel byrja med skihopping som 13-åring og gjekk på hopplinja ved Norges ToppidrettsgymnasLillehammer. Etter god innsats under kontinentalcupen sommaren 2009 fekk han sjansen i verdscupen i desember same året, berre 18 år gamal. Der imponerte han med ein sterk 10.‑plass.

I junior‑VM i Hinterzarten i 2010 enda Fannemel på 11.‑plass. Under noregsmeisterskapen i Granåsen i Trondheim i 2012 tok Fannemel bronse. Året etter tok han NM-gullRena.

Gjennombrot

I byrjinga av verdscupsesongen 2012/2013 kom det verkelege gjennombrotet. På Lillehammer 25. november hoppa Fannemel ned til 6.‑plass i normalbakken og 2.‑plass i storbakken. Den første verdscupsigeren kom i desember sesongen etter, i Nizjnij Tagil.

Verdsrekord

Under skiflygingsrenna i Vikersund i februar 2015 sette Fannemel verdsrekord med 251,5 meter. Verdsrekorden stod i to år, fram til lagkamerat Robert Johansson landa på 252 meter i mars 2017, også det i Vikersundbakken.

Merittar

Samla har Fannemel tolv pallplasseringar i verdscupen i skihopping, ein tredjeplass i den tysk-austerriske hoppveka (2017/2018), eit VM‑gull (Falun 2015) og eit VM‑sølv (Lahti 2017) i laghopp, og eit VM-gull i skiflyging laghopp (Kulm 2016).

Han deltok òg på laget som tok fjerdeplass i VM i skiflyging i Vikersundbakken i 2012. I OL i Sotsji i 2014 ble han femtemann i stor bakke. Med jamt sterk hopping sikra han seg ein fjerdeplass samanlagt i verdscupen i 2014/15.

Fannemel blei i 2012 kåra til årets skiflygar av KOP (Den internasjonale skiflygarorganisasjonen). I 2015 blei han utnemnd til æresmedlem i Hornindal Idrettslag.

Skade

I juli 2019 fall Fannemel stygt etter eit treningshopp i Wisla i Polen. Korsbandet og menisken i venstre kne blei skadde. Først vinteren 2021 var han tilbake på trening i hoppbakken etter ei lang opptrening. Han klarte å kvalifisere seg til hoppveka i desember 2022, men avslutta seinare sin aktive karriere i mars 2023.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg