Faktaboks

Andreas Barsnes
Fødd
16. august 1883, Sogndal, Vestland
Død
2. juli 1954, Bergen, Vestland
Andreas Barsnes (bak til venstre), saman med mellom andre Olav Hoprekstad og Andreas Vamraak
/Nynorsk kultursentrum/Digitalt Museum.

Andreas Barsnes var lærar, skulestyrar og ei drivande kraft i Det vestlandske målkontor, der han var styremedlem frå 1916 og leiar frå 1921 til 1954.

Bakgrunn

Andreas Barnes var fødd i Sogndal i Nordre Bergenhus amt (no Vestland) og døydde i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han tok eksamen ved Stord lærarskule i 1907, og i 1916 gjekk han statens tremånaders teiknekurs i Oslo. Barsnes var lærar ved ulike skular i Hordaland frå 1907 til han gjekk av med pensjon i 1953. Han arbeidde òg som tilsynslærar og som overlærar ved ulike hjelpeklasser.

I mars 1942 var Barsnes mellom dei om lag 500 lærarane som vart arresterte av tyskarane og sende til Kirkenestvangsarbeid. Der var dei internerte til utpå hausten same året.

Målsaka og Det vestlandske målkontor

Barsnes var sterkt engasjert i målsaka frå ungdomen av. I 1916 kom han med i styret for Det vestlandske målkontor og var styreleiar frå 1921 til 1954. Målkontoret vart skipa i 1904, som del av Bondeungdomslaget Ervingen i Bergen. Føremålet var å spreie kunnskap om norsk mål og informere om målsituasjonen på Vestlandet. I arbeidet med å sikre landsmålet framgang i skule, kyrkje og kommunestyre var Barsnes ei drivande kraft.

Det vestlandske målkontoret gav ut skrifter om landsmålet, sende brev med krav om målbyte, heldt kurs og reklamerte for bøker og blad på landsmål. Barsnes stod for fleire av småskriftene som målkontoret gav ut i hans formannstid, slik som Kva maal høver best i Noreg? (1922), Norsk blad- og boklista (1923), Kva maal høver best i folkeskulen? (1924), Norsk maal i norske skular (1927 og 1932), Sanningsord um Nynorsk salmebok (1928).

I 1930 gav Barsnes ut Kjærleik og målstrid. Morospel i tvo vendingar, eit skodespel for ungdomslag. Skodespelet tek utgangspunkt i ei avrøysting om målbyte, og presten, som er fanatisk riksmålsmann, prøver med alle middel å hindre at landsmålet sigrar. Men han vert utmanøvrert og må gi seg. Dei som vil ha landsmål, har god støtte i skrifter frå «Målkontoret». Som i liknande spelstykke finn ein også her to unge som må halde ut mange vanskar før dei får kvarandre til slutt. I den første utgåva av skodespelet brukte Barsnes pseudonymet Atle Bjørgi, medan han i seinare utgåver brukte han sitt eige namn.

Grønlandssaka og anna engasjement

Barsnes var også engasjert i den såkalla Grønlandssaka. Dette var eit politisk stridsspørsmål i mellomkrigstida, der ein ville finne svar på om Grønland var norsk eller dansk. Barsnes var medlem i «Grønlandsnemndi i Bjørgvin», danna i 1922, som var ei gruppe med nære band til mellom anna Bondeungdomslaget Ervingen, Vestlandske Mållag og Vestmannalaget. For denne nemnda, og for mange i målrørsla, var Grønlandssaka ein del av det nasjonale frigjeringsarbeidet.

Han var òg ein sterk pådrivar for å få til arkeologiske utgravingar på Holmen (Bergenhus) i Bergen, og var særleg oppteken av Kristkyrkja som hadde stått der. Han kosta difor sjølv tre skrifter som målkontoret gav ut: Kristkyrkja og kongegravene på Holmen (1928), Håkonshalli og Holmen (1928) og King Håkon's Hall on Holmen (1928).

Utmerkingar

I 1954 fekk Barsnes Kongens fortenestemedalje i gull posthumt for arbeidet han hadde lagt ned for skule og kulturliv.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Olaf Almenningen ofl.: Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Karl Bakke (red.): Norske skolefolk, bd. I. Stavanger 1952
  • Andreas Barsnes: «Vestlandske Målkontor», i Olav Hoprekstad (red.): Bondeungdomslaget Ervingen 1900–1950. Bergen 1950
  • J. Tidemann Reinertsen: «Det Vestlandske Målkontor og Andreas Barnes», i Hallvard Framnes ofl. (red.): Vestlandske Mållag 1904–1954. Bergen 1954
  • Arnulv Sudmann (red.): Norsk allkunnebok, bd. I. Oslo 1948

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg