Faktaboks

Anne Gullestad
Fødd
26. oktober 1925, Kvinesdal, Agder
Død
1. april 1998, Bergen, Vestland
Verke
Skuespiller, instruktør, teatersjef og forfatter
Familie

Foreldre: Landbruksmaskinselger Arntz Marcus Bøgvald Gullestad (1898–1968) og gårdbruker Gunda Mydland (1898–1984).

Gift 1952 med advokat Wilhelm Jakob Haaland (13.3.1925–21.9.1995), sønn av kjøpmann Wilhelm Haaland (1878–1940) og Julianne Konstanse Christensen Stokke (1880–1928).

Svigerinne til Arild Haaland (1919–).

Anne Gullestad

Anne Gullestad som Mor Annie i Glør i gamal ved. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Anne Gullestad
Av /NTB Scanpix ※.

Anne Gullestad var ein norsk skodespelar, instruktør og teatersjef. Ho var særleg oppteken av å formidle teaterkunst ute i distrikta og gjekk i bresjen for å opprette regionteater i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Anne Gullestad var fødd i Kvinesdal. Ho tok examen artium i 1945 og utdanna seg som skodespelar på det første kullet ved elevskulen til Det Norske Teatret i 1945–1948. Etter eit år som hospitant ved Den Nationale Scene i Bergen tok ho tilleggsutdanning i regi og fjernsynsproduksjon ved University of Georgia i USA.

Gullestad var tilsett som skodespelar ved Den Nationale Scene frå 1950, men ho hadde også ulike roller for film og fjernsyn. Frå 1961 verka ho som instruktør og regissør i ei rekkje oppsetningar både i Noreg og utanlands. Ho hadde eit stort engasjement for bygdekulturen og gjekk i brodden for å få i gang to regionteater, Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater, der ho var teatersjef høvesvis i 1980–1988 og 1995–1998. I 1988–1994 var ho teatersjef for Riksteatret.

Anne Gullestad var mor til Agnete Haaland.

Eit breitt repertoar

Med frodig temperament og psykologisk innsikt evna Gullestad å kle ei rekkje ulike tittelroller, både i Anne Pedersdotter, An-Magritt, Kristin Lavransdatter og Madame Bovary. På film debuterte ho med ei mindre rolle i Døden er et kjærtegn (1949). Seinare utmerkte ho seg med større roller i mellom anna Maria Marusjka (1973) og Svart hav (1980), og i fjernsynsserien Vestavind.

Gjennom karrieren samarbeidde ho fleire gonger med den amerikanske skodespelaren Earle Hyman. Mellom anna spela ho lyrikaren Emily Dickinson i William Luces Den kvitkledde frå Amherst, som Hyman sette opp på Sogn og Fjordane Teater i 1978.

Folkeleg og internasjonal

Gullestad brann for å knyte nærmare band mellom scenekunsten og den lokale folkekulturen, og ho ville gjerne spreie teateropplevingane ut i distrikta. I 1967 gav ho overskotet frå sitt eige prosjekt Haugtussa til Vestlandske Teaterlag, som ho skipa saman med Per Håland (seinare Vestlandske Teatersenter). Laget fekk etter kvart ein slags jordmorfunksjon for nye teater i landsdelen, gjennom kurs og teaterskule for barn og unge. Då regionteatertanken fekk gjennomslag i 1970-åra, stilte Gullestad seg i bresjen for å starte eit teater i Sogn og Fjordane, noko som blei ein realitet i 1977, frå 1982 med den første teaterbåten i landet. I 1980-åra gjorde ho eit liknande pionerarbeid i Hordaland, og ho var kunstnarisk leiar ved Hordaland Teater frå starten i 1988 til ho døydde.

Også gjennom val av repertoar synte Gullestad eit sterkt engasjement for folkekulturen. I 1971 regisserte ho fjernsynskomedieserien Maksværingane, som hadde tidstypisk brodd mot sentralisering og avfolking av utkantane. Ho gav stort rom for vestnorske dramatikarar som Rolf Losnegård og Norvald Tveit, og ho var tidleg ute med å få til samarbeid mellom profesjonelle og amatørar på scena. Sterkast kom dette til uttrykk gjennom satsinga på ulike utandørs spel, mellom anna Kinnaspelet, Håkonarspelet og Mostraspelet.

Samstundes var Gullestad svært internasjonalt orientert. Ho heldt kontakten med University of Georgia og vende tilbake dit som gjesteprofessor fleire gonger. Frå Georgia tok ho også med seg stykket Foxfire (Glør i gammal ved), som hadde europapremiere ved Sogn og Fjordane Teater i 1985. Ho markerte seg med fleire oppsetjingar av utanlandsk samtidsdramatikk, mellom anna Mordernes natt av José Triana, Agnes av Kent Andersson og Kjøkkenet av Arnold Wesker, og ho hadde fleire regioppgåver i utlandet, mellom anna Peer Gynt og rockemusikalen Godspell i USA og Rosmersholm i Belfast i Nord-Irland.

Teaterspråk og identitet

Gullestad hadde eit medvite forhold til scenespråket. Ho hevda at uttalen av ordet hadde mykje å seie for avstanden mellom scene og sal, og ho såg det som grunnleggjande viktig å få i gang teaterverksemder på Vestlandet som brukte nynorsk målform og dialektar. Ho var også oppteken av at teater kunne vere med på å gi folk i regionen høgare medvit om eigne røter, eigne mytar og eigen kultur, ved at teatret overførte stadbundne mytar, konfliktar, humor og komedieliv til scena.

Gullestad arbeidde også som forfattar og dramatikar. Ho skreiv både kriminalromanar og skodespel for barn, og ho dramatiserte fleire norske folkeeventyr.

For verksemda si fekk Anne Gullestad fleire prisar. Mellom anna vart ho i 1989 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for arbeidet sitt for teater i distrikta.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Rolf Losnegård og Henning Rivedal (red.): Sogn og Fjordane Teater – 10 år fjordalangs. Førde1987

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg