Faktaboks

Arve Henriksen
Fødd
22. mars 1968, Stryn, Vestland
Supersilent i 2010: F.h. Ståle Storløkken, Arve Henriksen og Helge Sten.
Supersilent i 2010. Frå høgre: Ståle Storløkken, Arve Henriksen og Helge Sten.
Supersilent i 2010: F.h. Ståle Storløkken, Arve Henriksen og Helge Sten.
Av /NTB.

Arve Henriksen er ein allsidig jazzmusikar, trompetist og komponist. Han er kjend for sin fløyteliknande trompettone og har jobba innan mange ulike musikalske uttrykk. Henriksen har hausta stor internasjonal anerkjenning gjennom sitt virke i gruppa Supersilent og i andre koplingar mellom moderne jazzformer, annan improvisasjonsmusikk og elektronisk musikk.

Bakgrunn

Arve Henriksen er fødd i Stryn i Sogn og Fjordane (no Vestland). Det første møtet med trompeten fekk han i det lokale korpset, og som ung spela han mellom anna New Orleans-musikk med tubaist David Gald. Etter grunnskulen tok han til på musikklina ved Firda Gymnas i Gloppen.

I Firda Storband vart han betre kjend med jazzmusikken, som han heldt fram med på jazzlina ved Trøndelag Musikkonservatorium (no NTNU) i Trondheim frå 1987 til 1991. Sidan 1989 har han arbeidd som frilansmusikar og har vore med på meir enn hundre plateutgivingar.

Veslefrekk/Supersilent

Veslefrekk var ein trio der Henriksen spela saman med Ståle Storløkkentangentar og Jarle Vespestadslagverk, som studerte saman med Henriksen på jazzlina i Trondheim. Dei tok til å spele saman i 1989 og gav ut den sjølvtitulerte debutplata si i 1994. I 1997 spela dei på Nattjazz, saman med støymusikaren Helge Sten (aka Deathprod), og samarbeidet med han var så vellukka at han vart fast medlem i gruppa. Dei skifta namn til Supersilent i 1997 og gav ut den første plata si, 1–3, same året. Saman med Supersilent har Henriksen gitt ut eit titals album og turnert verda rundt, og hausta stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt.

Platene til Supersilent er lange, frie improvisasjonar som vert redigerte i etterkant, utan at ny lyd vert lagd til. Lydbiletet er svært variert, frå eksplosive støyparti til minimalistiske, neddempa delar. Sidan debutplata i 1997 har dei mellom anna gitt ut platene 4 (1998), 5 (2001), 6 (2003), 8 (2007) og 9 (2009). I tillegg til plater har dei gitt ut ein konsert-DVD, 7 (2005). Platene deira har fått meir eller mindre samstemt ros frå kritikarane, og for 6 fekk dei i 2004 Alarmprisen i klassen for jazz. Veslefrekk gav ut avskjedsplata Valse Mysterioso, med originalbesetninga, i 2004.

Spelestil

Henriksen har ein karakteristisk mjuk og luftig trompettone. Han er tydeleg påverka av trompetisten Jon Hassel, men òg av den japanske shakuhachi-musikken, som med sine meditative og minimalistiske ideal har vore med på å forme Henriksen til ein heilt unik trompetist. Fordjupinga i japansk musikk kulminerte med den første soloplata hans, Sakuteiki (2001).

Heilt frå ungdomen av har Henriksen vore oppteken av å eksperimentere med ulike former for elektronisk musikk. Etter at Helge Sten vart med i Supersilent, har Henriksen arbeidd regelmessig med elektroniske uttrykk, noko han òg har teke med seg i soloarbeidet sitt. Ein spesielt viktig samarbeidspartnar på dette området dei siste åra har vore Jan Bang, som ofte samplar og bearbeider trompetlyden til Henriksen under konsertane deira.

Dei siste åra har Henriksen òg arbeidd mykje med å utvikle songstemma. På konsertar og plater syng han ofte lange parti utan tekst eller berre med språklydar utan tilsynelatande meining. Songstilen hans er inspirert av svært ulike stilartar, frå arabisk minaretsong til strupesong frå republikken Tuva i Sibir.

Soloplater

Den første plata Henriksen gav ut åleine, var Sakuteiki (2001). På coveret skildrar han plata biletleg som ei avhandling om hagar, tydeleg inspirert av japansk musikk og estetikk. På Chiaroscuro (2004) kom Jan Bang og Erik Honoré inn som produsentar og utvida lydpaletten til Henriksen. I 2007 kom albumet Strjon, der Henriksen brukte av musikalske idear og opptak han hadde samla på sidan 16-årsalderen.

Den første plata hans på det prestisjetunge plateselskapet ECM kom i 2008, med Cartography. Ei rekkje av dei tidlegare samarbeidspartnarane til Henriksen var involverte på denne plata, og lydbiletet er meir prega av sampel og orkesterlyd. Mellom dei som er med, er Honoré og Bang, komponist Helge Sunde, David Sylvian og Trio Medieval. Igjen var kritikarane svært begeistra. På plata Ellivan (2009) er Henriksen sin musikk blanda med arkivopptak av nordfjorddiktaren Elling Vanberg. Plata Places Of Worship frå 2013 vart nominert til Spellemannprisen i klassen for jazz.

Andre musikalske samarbeid

I tillegg til soloplater og plater med gruppa Supersilent har han mellom andre spela med Christian Wallumrød, Imogen Heap, Karl Seglem, Kari Bremnes, Odd Nordstoga, D'Sound og Motorpsycho. Han har elles samarbeidd mykje med japanske musikarar. I 1991 bidrog han på Bjørn Alterhaugs Constellations, ei utgiving som vart nominert til Spellemannprisen i klassen for jazz.

Han var med i Bodega Band i åra 1987 til 1988. Han har spelt i grupper som Nutrio (frå 1990) og Fri Fot (1995) og var i perioden 1999 til 2004 med i gruppa Food saman med Iian Bellamy, Mats Eilertsen og Thomas Strønen. Han medverka ved den første skandinaviske frijazzfestivalen i København i 1995.

Utmerkingar

Henriksen har fått Radka Toneffs minnepris og fekk Buddy-prisen i 2005. Han har vore artist «in residence» både på Moldejazz og Moers Jazzfestival.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg