Faktaboks

Håvard Flo
Fødd
4. april 1970, Stryn, Vestland
Håvard Flo
Håvard Flo
Av .

Håvard Flo er ein tidlegare profesjonell fotballspelar frå Stryn. Flo var ein angrepsspelar med styrke i hovudspelet. Han spelte høgre kantspelar i alle Noreg sine kampar under VM i Frankrike i 1998 og var med på å slå Brasil 2–1. Han er fetteren til Jostein og Tore André Flo.

Spelarkarrieren

Han starta fotballkarrieren i Stryn IL. Flo var ein lovande alpinist i ung alder, og starta ikkje å spele fotball før i 11-årsalderen. Han kom til Sogndal IL i 1990.

Utanlandskarrieren

Flo skreiv under for AGF Aarhus i 1994 og vart fort ein publikumsyndling. I 2008 vart han kåra til tidenes beste angripar i AGF av supporterane. I Danmark vann han cupen i 1996 og fekk sølv og bronse i serien. Etter suksessen i Danmark gjekk vegen vidare til spel i den tyske Bundesligaen for Werder Bremen. Flo vann den tyske cupen i 1999 og var med på å slå ut Brann av UEFA-cupen same året.

Etter tre år i Tyskland reiste Flo til England og Wolverhampton Wanderers. På grunn av lite speletid gjekk Flo gratis tilbake til Sogndal sommaren 2001.

Sogndal IL

Flo spelte i Sogndal frå 1990–1994 og kom attende til klubben sommaren 2001. Håvard skåra åtte gonger på 11 kampar den hausten og bidrog sterkt til at Sogndal greidde seg i Tippeligaen med god margin. Sesongen 2004 rykte Flo og Sogndal ned til 1. divisjon. Klubben var spådd å rykke rett opp att, men var aldri i nærleiken i dei påfølgjande sesongane.

Flo melde før 2008-sesongen at den kom til å verte hans siste. Han ville heller konsentrere seg om dei administrative oppgåvene klubben hadde gjeve han. I 2010 gjorde 40-åringen eit overraskande comeback og var delaktig i sesongen som slutta med opprykk til Tippeligaen. Han la opp etter 2010-sesongen.

Håvard Flo er rekna som ein klubblegende i Sogndal, der han har spelt over 400 kampar og scora 159 mål. I 2010 vart han sportsleg leiar i klubben.

Spelestil

Håvard Flo var ein såkalla kraftspiss med relativt god teknikk. Flo si største styrke var hovudstyrken, og svært mange av måla hans blei scora med hovudet. Han var i tillegg fysisk sterk og hadde god duellkraft i tette situasjonar, både innanfor eigen og motstandaren sin 16-meter.

Merittar på landslaget

Flo spelte alle Norge sine fire kampar under VM i 1998.

Merittar i klubbfotball

Flo blei dansk cupmeister med AGF Aarhus i 1996 og tysk cupmeister med Werder Bremen i 1999.

Fakta

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Inge Fænn og Odd Myklebust: Flo United. Oslo 1999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg