Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Mathiesen

Johannes Mathiesen.

Johannes Mathiesen.

Johannes Mathiesen (1901-1995) frå Kråkevåg. Lensmann og motstandsmann under 2. verdskrig. Lensmannsbetjent frå 1922 og lensmann i Solund 1934-1971. Styreformann for Sulen Sparebank 1943-1970. Formann i Solund Kraftlag frå 1947.

Han kom tidleg med i motstandrørsla og gjorde ein stor innsats med å gje dekning til folk som rømde over til Shetland. Mathiesen var sentral kontakt for agentar som kom til landet via Solund, og for Milorg-gruppa «Siskin» og deira våpenlaster som kom frå Shetland til Solund på slutten av krigen (sjå: «Krigshistoria i Solund»).

Suspendert frå stillinga som lensmann av tyskarane i 1943. Han fekk bu i lensmanngarden der nazilensmannen hadde kontor. Mathiesen tok likevel imot og husa agentar heime hos seg.

Mathiesen la ned eit stort arbeid for Solund Skyttarlag.

Soneson til lensmann Johannes Mathiesen (sjå denne under«Kjende personar i Solund fødde år 1200-1900»).

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.06.2010