Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Sture

Lars Sture. Foto: Fjordenes Tidende.

Lars Sture. Foto: Fjordenes Tidende.

Lars Sture fødd 1961 i Måløy. Har sidan m.a. vore busett i Hersvikbygda i Solund. Biletkunstnar.

Har sveinebrev som gullsmed og er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. Har hatt fleire separatutstillingar i galleri i Sogn og Fjordane, Oslo, Bergen, Trondheim og London, og har vore representert med arbeid på ei mengd fellesutstillingar m.a. i Frankrike, Tyskland og Sverige. Innkjøpt m.a. av Norsk Kulturråd, kunstindustrimuséa i Oslo, Bergen og Trondheim, og av Sogn og Fjordane Kunstmuséum.

I Hersvikbygda har Sture kjøpt den nedlagde skulen som han nyttar som bustad, galleri og atelier for seg og gjestande kunstnarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 27.08.2009