Faktaboks

Ragnar Ulstein
Fødd
19. april 1920, Ulstein, Møre og Romsdal
Død
3. desember 2019
Verke
Journalist og forfatter
Familie

Foreldre: Johannes Olsson Ulstein (1879–1969) og Borghild Strand (1885–1964).

Gift 1951 med Jenny Hermine Akselsen (15.8.1927–), datter av kjøpmann Alfred M. Akselsen (1893–1928) og Sally Andersen (1898–1929).

Ragnar Ulstein (til venstre) intervjuar formann i Flyktningelosenes landsforening, Einar Aulie.

Ragnar Ulstein var ein norsk motstandsmann, forfattar og journalist. Han var aktiv sabotør i Kompani Linge under andre verdskrigen. Etter krigen er det knapt nokon som har skrive meir om krigen, og som har intervjua fleire krigsveteranar enn han. Livsverket hans vart å fortelje om dei som var med, om både dei som ofra livet, og dei som overlevde.

Bakgrunn og utdanning

Ragnar Leif Ulstein vart fødd i UlsteinSunnmøre i Møre og Romsdal. Han tok examen artium ved Volda landsgymnas i 1940.

Andre verdskrigen

Kompani Linge. Bak f.v.: Oddvar Dobloug, Erling Jensen og Joachim Rønneberg. Framme f.v.: Martin Olsen, Birger Rasmussen, Ragnar Ulstein og William Johannesen.

I 1941 var Ulstein ein av 16 ungdomar som stal ein båt og reiste til Shetland (sjå Shetlandsgjengen, englandsfarere) for å gjere ein innsats i krigen mot dei tyske hærstyrkane, som hadde okkupert Noreg. Ulstein var ein av dei første som kom med i Norwegian Independent Company No. 1, eller Kompani Linge, særleg etter at leiaren, kaptein Martin Linge vart drepen i Måløy-raidet i romjula i 1941. Ulstein fekk befalsutdanning og vart telegrafist, og samtidig med Måløy-raidet var Ulstein med på landgangen i Reine i Lofoten (sjå Lofot-raidene).

I oktober 1944 vart Ulstein, frå ubåtjagaren «Hitra», sett i land i Dombevågen utanfor Florø. Som Linge-offiser skulle han saman med kollegaen Harald Svindseth organisere og instruere Milorg-styrkane i Sogn og Fjordane. Dei dreiv òg med sabotasjeaksjonar mot tyske mål i området.

Journalist

Etter krigen vart han journalist i FjordabladetNordfjordeid i nokre år. Han var sjølv medforfattar i verket om Kompani Linge.

Ei tid var han òg velferdsoffiser i Tysklandsbrigaden, og han var redaktør for Filmavisen frå 1951 til 1954. Frå då av var han journalist i Bergens Tidende, ein jobb han hadde fram til 1960. Deretter hadde han eit mellomspel som redaksjonssekretær i Sunnmørsposten, men frå 1964 av var han igjen i to år journalist i Bergens Tidende.

Krigshistorikar

Ragnar Ulstein
Ragnar Ulstein mottok forsvarets heiderskors 8. mai 2015 i forbindelse med markeringa av frigjeringsjubileet og Forsvarets veterandag på Akershus festning.
Av /NTB.

Etter tida som journalist konsentrerte han seg om å skrive krigshistorie, og frå 1972 var han statsstipendiat. I tillegg var han sterkt engasjert i tilhøva krigsveteranane hadde i samfunnet som sivil, og arbeidde aktiv for deira rettar til mellom anna fullverdig pensjon og helsehjelp.

Det er ein omfattande historisk dokumentasjon av den norske motstandskampen Ulstein har gitt til den norske historia. Det han skreiv, byggjer ikkje berre på eigne opplevingar, men endå meir på eit tusental intervju han har gjort med motstandsfolk, grenselosar, flyktningar, hemmelege agentar, englandsfararar og nokre av dei jødane som overlevde krigen. Noko av det første han skreiv om var englandsfarten, som med fare for eige liv kom seg over Nordsjøen til Shetland for å frakte dei som måtte flykte, ofte i små og ofte skrøpelege båtar. Dette arbeidet resulterte i to bind om englandsfarten.

Seinare brukte han det omfattande lydbandmaterialet han hadde frå intervju med svenskelosar og mange av dei som flykta over svenskegrensa, til å skrive tre band om svensketrafikken. Han skreiv òg om motstandskampen på øyane utanfor Ålesund, Godøya, Giske og Vigra, i boka Småsamfunn i storkrig, og etter det skreiv han trebindsverket om etterretningstenesta i Noreg i krigsåra.

Han var heile tida oppteken av jødane sin lagnad og skreiv i 1995 boka Jødar på flukt. Der skildrar han historia til mange av dei norske jødane, både dei som døydde i Holocaust og dei som greidde å kome seg unna. Han sa sjølv at det var eit kall for han å skrive denne boka. «Det forferdelege som skjedde med jødane, er eit evig Kainsmerke i vår slekt», sa han sjølv. I 1999 skreiv han krigshistoria til si eiga heimbygd, Ulsteinvik: Lagunen og stormen. Ulstein – bygd i Europa 1940–45. I 1984 skreiv han Sunnmørsposten si 100-årshistorie: By og land i 100 år. Før han starta på krigshistoria, fekk han òg tid til å skrive eit par romanar: Harpegjengen i 1961 og Parade i 1964.

Gjennom Ulstein sin store innsats har tusenvis av motstandskjemparar, som elles hadde vorte gløymde av samtida og ettertida, vorte registrerte og trekte fram i lyset. Det omfattande registreringsmaterialet, som ikkje minst kona hans Jenny Hermine Ulstein har skrive av og katalogisert, er no overført til Heimefrontmuseet.

Utmerkingar

Ulstein var dekorert med Kongens fortenestemedalje i gull, Deltakarmedaljen, St. Olavsmedaljen med to eikegreiner, Military Medal, Haakon VIIs 70-års medalje, Melsom-prisen, Hirschfeld-prisen for innsatsen han la ned som journalist for å kaste lys over lagnaden til krigsinvalidane, Sunnmørsprisen, Ålesunds kunstnarpris og Møre og Romsdal sin fylkeskulturpris.

Bibliografi

  • Kompani Linge I og II (saman med Erling Jensen og Per Ratvik). Gyldendal 1948
  • Harpegjengen, roman. Samlaget 1961
  • Parade, roman. Samlaget 1964
  • Englandsfarten I: Alarm i Ålesund. Samlaget 1965
  • Englandsfarten II: Søkelys mot Bergen. Samlaget 1967
  • Samarbeid om samferdsel. Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920–1970. Eige forlag 1970
  • Pionertid. A/S Olivin 1948–1973, bedriftshistorie. Eige forlag 1973
  • Svensketrafikken I: Flyktningar til Sverige 1940–43. Samlaget 1974
  • Svensketrafikken II: Flyktningar til Sverige 1943–45. Samlaget 1975
  • Svensketrafikken III: Flyktningar frå Trøndelag og Nord-Norge til Sverige 1940–45. Samlaget 1977
  • Småsamfunn i storkrig. Historia om Giske 1940–1945. Samlaget 1980
  • By og land i 100 år. Sunnmørsposten 1882–1982. Eige forlag 1982
  • Etterretningstjenesten i Norge 1940–45 I: Amatørenes tid. Cappelen 1989
  • Etterretningstjenesten i Norge 1940–45 II: Harde år. Cappelen 1990
  • Etterretningstjensten i Norge 1940–45 III: Nettet strammes. Cappelen 1992
  • Jødar på flukt. Samlaget 1995
  • Om samferdsel i Møre og Romsdal, del 1: Som skyttel i vev. Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920–1995 (hovudredaktør). Møre og Romsdal fylkesbåtar 1995
  • Lagunen og stormen. Ulstein, bygd i Europa 1940–45. Forum-Aschehoug 1999

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Myklebust, Gunnar (2017). Ragnar Ulstein: i krig og fred. Oslo: Samlaget.

Faktaboks

Ragnar Ulstein
Historisk befolkingsregister-ID
pf01074080000395

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg