Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus Lødøen

Rasmus Lødøen.

Rasmus Lødøen.

Rasmus Lødøen f. 1936 i Hornindal. Lærar og idrettsmann. Utdanna ved Hærens Befalskule, Volda lærarskule og Statens Gymnastikkskule. Lærar ved Vinje skule i Telemark frå 1960, rektor ved same skule 1968-1978. Rektor ved Hornindal skule 1978-1998.

Lødøen har vore korpsdirigent i 20 år.

Som idrettsmann fekk han sølv i noregsmeisterskapen i stille lengde i 1952, vart noregsmeister i femkamp for junior i 1955 og tok sølv i same disiplin året etter

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2009