Faktaboks

Reidar Djupedal
Fødd
22. mars 1921, Oslo
Død
29. juli 1989
Reidar Djupedal
Reidar Djupedal
Av /Selja forlag.
Lisens: CC BY SA 4.0

Reidar Djupedal var norsk språk- og kulturforskar. Han var student under andre verdskrigen og mellom dei studentane som hausten 1943 blei sende til tyske konsentrasjonsleirar. Djupedal kom til Buchenwald. Røynslene derfrå talte han lite om i ettertida. Etter frigjeringa tok han opp studia sine att og blei cand. philol. i 1950. Hovudfaget hans var i nordisk språk og litteratur, og avhandlinga han skreiv, var eit omfangsrikt arbeid med den noko smålåtne tittelen Noko om Ivar Aasen i åra 1840-60. I samtida sto han fram som den fremste kjennaren av Ivar Aasen og arbeidet hans.

Arbeidsliv

Mellom 1951 og 1956 var han norsk sendelektor ved Universitetet i København, frå 1956 til 1962 var han stipendiat. Etter det var han dosent i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen til han i 1969 blei utnemnd til professor i same faget ved Noregs lærarhøgskole i Trondheim, seinare Universitetet i Trondheim og no NTNU. Der var han også prorektor mellom 1972 og 1975. Han var medlem av Norsk språknemnd mellom 1965 og 1970 og Norsk språkråd mellom 1972 og 1980.

Kulturforskar og utgjevar av kulturhistoriske kjeldeskrift

Jamvel om professoratet til Djupedal var i nordisk språkvitskap, og han som språkvitskapsmann først og fremst var språkhistorikar, var han like mykje kulturforskar som språkforskar. I tillegg gav han ut sentrale kultur- og språkhistoriske kjeldeskrift, som Ivar Aasens Brev og dagbøker i tre bind (1957-1960) og A. O. Vinjes Dølen i faksimile i fire bind (1970-1973). Desse arbeida er utstyrte med grundige notar og register og nøyaktige og relevante merknader, som gjer dei til viktige kjeldeskrift for alle som seinare har arbeidd med målreisinga på 1800-talet.

Nynorsking

Det var den nynorske språk- og kulturhistoria Djupedal interesserte seg for og skreiv om, særleg 1800-talet og tidleg 1900-tal. Samstundes hadde han djup forankring i europeisk kultur- og idéhistorie og kunne referere like kyndig til klassisk gresk kultur som til norsk lokalkultur. Sjølv samla han inn mykje tradisjonsmateriale. Han har skrive om og gjeve ut verk av ei rekkje nynorskforfattarar, om Vinje ikkje berre det store redigerings-, kommentar- og utgjevingsarbeidet av Dølen, men han står òg bak ei utgjeving av Ferdaminni fraa sumaren 1860, og har skrive innleiinga til boka. Vidare har han gjeve ut ei bok med Elias Blix’ originalsalmar og songar med ei grundig innleiing (Der eit fjell stig mot sky, 1968). Han har dessutan skrive om Tor Jonsson, Jan Magnus Bruheim og andre nynorsklyrikarar. I tillegg har han skrive lokalhistorie, særleg frå Selje, men også frå Hallingdal, og har bidratt med ymse slag stoff til ei rekkje årbøker og lokalhistoriske skrifter. Den faglege forfattarskapen hans er mangslungen og spenner svært vidt; spennet strekkjer seg frå artiklar om Ludvig Holberg til ein tekst om “Knut Leem og hans ‘Beskrivelse over Finmarkens lapper’” (Heimen nr. 11 1959/60). Sjølv var han ein stilsikker skribent som skreiv nynorsk sakprosa på høgt kunstnarleg nivå.

Lærar og raust medmenneske

Djupedal hadde eit stort og variert nettverk i heile Norden. Dette naut studentane hans godt av, for han kalla inn kjende personar som han var ven med, som gjesteforelesarar, bidragsytarar på ekskursjonar o.a. Mange av studentane hans sette han svært høgt og verdsette undervisninga hans mykje. Som personlegdom var han nærast som renessansemenneske å rekne, hadde eit svært vidt interessefelt og store kunnskapar. Mellom anna var han sterkt musikkinteressert. Han delte gjerne desse interessene med studentane sine som såleis naut godt av dei breie kunnskapane og den vide innsikta hans som gjekk langt ut over det faget han underviste i.

I 1987 testamenterte han den store boksamlinga si til Ivar Asen-tunet i Hovdebygda i Ørsta kommune. Samlinga inneheld om lag 35 000 skrifter og dekkjer meir enn 200 hyllemeter.

Litteratur

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg