Hopp til innhold
X
Innhald

Nokre lag og organisasjonar i Askvoll

Holmedal Songlag i 1911.

Holmedal Songlag i 1911.

Misjonsforeninga fekk bedehus som gåve

Askvoll Missionsforening vart skipa i 1847 som lokallag for Det Norske Misjonsselskap, og var såleis ei av dei første misjonsforeningane i Sogn og Fjordane.

Holmedal Fråhaldslag

vart skipa i 1860.

Holmedals Sogns Bondevenforening

vart skipa i 1871, av bergensaren Jens Rolvsson, som ei tid dreiv ein «bondehøgskule» i Dale.

Norskelaget i Holmedal

Då Jens Rolvsson la ned «bondehøgskulen» i Dale og reiste i 1874, skipa målfolket i Holmedal sitt eige mållag, «Norskelaget», som var verksamt i over 20 år.

Holmedal Skyttarlag i 1905. Laget vart seinare slege saman med Askvoll Skyttarlag. Foto: Johan J. Tveit. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Holmedal Skyttarlag i 1905. Laget vart seinare slege saman med Askvoll Skyttarlag. Foto: Johan J. Tveit. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Askvoll Skyttarlag

vart skipa i 1880 etter opptak frå Søren Loftheim. Dei første åra hadde skyttarlaget bane i Askvoldmarka. Seinare vart laget slege saman med Holmedal skyttarlag til Askvoll og Holmedal skyttarlag. Laget har bane på Helleset.

Holmedal Songlag

vart skipa i 1882.

Vestlandske Indremisjon og kløyvinga i Sunnfjord

Holmedal Forening var det einaste lokallaget som ikkje gjekk med i Søndfjord Fællesforening for den indre Mission då dette regionlaget vart skipa i Sunnfjord i 1886.

Solglytt Ungdomslag

vart skipa i Kvammen/Gjelsvik i Askvoll på 1890-talet, og avløyst av ungdomslaget Vårvon i 1901.

Askvoll Ungdomslag

vart skipa i 1896.

Askvoll Samfunnshus

- sjå Askvoll Ungdomslag.

Skodespelet Lars Anders og Jan Anders vart framført i Holmedal Bygdehus i 1960. På scena ser vi skodespelarane Johanna Ringstad, Bjørg Lien og Georg Bjørvik. Foto: Johan Tveit. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Holmedal Ungdomslag

vart skipa i 1896.

Ungdomslaget Vårvon

i Gjelsvik, skipa 1901.

Losje Skålefjell i Stongfjorden. Foto Olai Fauske. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Losje Skålefjell i Stongfjorden. Foto Olai Fauske. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Losje Skålefjell

i Stongfjorden vart skipa i 1909. Losjen bygde lagshus i 1936.

Lagshuset til Losje Skålefjell i Stongfjorden, bygt i 1936. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lagshuset til Losje Skålefjell i Stongfjorden, bygt i 1936. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Sanitetsforening

vart skipa i 1911. Dei tilsette eiga helsesøster, og spela ei aktiv rolle m.a. då kommunen, som den første bygdekommunen i fylket, fekk skuletannrøkt i 1923.

Losje Moldura

i Holmedal vart skipa i 1915, barnelosjen Vår Von i 1916.

Losje Askvellir

i Askvoll skipa i ?

Rivedal Ungdomslag

vart skipa i 1917.

Stongfjorden Songlag på tur til Bulandet.

Stongfjorden Songlag på tur til Bulandet.

Stongfjorden Songlag

vart skipa i 1921.

Stongfjorden lokallag for redningsselskapet NSSR

vart skipa i 1924.

Askvoll Idrettslag

vart skipa i 1925. Heilt fram til laget fekk eiga idrettsbane i Prestemarka i 1960 gjekk øvingane føre seg på Kyrkjebakken og Utstilingsplassen.

Kvammen Songlag

vart skipa i 1927.

Aslaug Turner var den første leiaren i Stongfjorden Sanitetslag. Foto: Paul Stang.

Aslaug Turner var den første leiaren i Stongfjorden Sanitetslag. Foto: Paul Stang.

Askvoll Småbrukarlag

vart skipa i 1933 med Olav Fismen som første formann. Dette var det første småbrukarlaget som vart skipa i Sogn og Fjordane.

Bulandet Sanitetslag

vart skipa i 1936.

Stongfjorden Sanitetslag

vart skipa i 1936.

Askvoll Musikklag

vart skipa i 1957. Ein av skiparane var spelemannen og felebyggjaren Magne Leiknes (sjå Leiknes Snikkarverkstad).

Holmedal bygdehus

vart teke i bruk i 1960.

Holmedal Bygdehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmedal Bygdehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirvåg Sanitetslag

i Askvoll vart skipa i 1970.

Dalsfjorden Spelemannslag

vart skipa i 1976.

Dalsfjorden Spelemannslag. Foto: Sigvald Vårdal

Dalsfjorden Spelemannslag. Foto: Sigvald Vårdal

Atløykoret

vart skipa i 1978.

Digitalis songkor

i Askvoll vart skipa i 1988.

Værlandet Vokalensemble

vart skipa i 1988.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014

Sist oppdatert: 23.06.2010