Hopp til innhold
X
Innhald

Åge Steinset

Åge Steinset. Foto: Åge Senneset.

Åge Steinset. Foto: Åge Senneset.

Åge Steinset fødd 1938 i Svelgen, busett på Leikanger. Psykolog og biletkunstnar. M.a. utdanna ved Sogn og Fjordane Kunstskule.

Har delteke fast på Distriktsutstillinga frå 1981, i fleire kollektivutstillingar i Galleri Leikvin, og Bærum Kunstlag. Har hatt ei rad separatutstillingar ved galleri og kunstforeningar i Sogn og Fjordane.

Innkjøpt av Norsk Kulturråd og Sogn og Fjordane Kunstmuseum, samt ei mengd offentlege bygningar i Sogn og Fjordane.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.04.2010