Hopp til innhold
X
Innhald

A. M. Aaland

I dette huset dreiv A. M. Åland landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv A. M. Åland landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A.M. Aaland bygde i 1883 eit stort, toetasjes trehus ved Eidsgata og starta handel der.

Aaland hadde kome til Nordfjordeid som første styraren av Eids Handelslag då dette starta i 1874. Men handelen til Åland gjekk dårleg, og i 1896 selde han til Øystein Larsson Os – som skreiv seg for Østen Ous – som tok over som styrar for handelslaget etter at Aaland hadde starta for seg sjølv.

Gullak Hildenes var ein fjern slektning av Østens ektemake Ågot, og han starta Hildenes Gartneri på eigedomen aust for handelshuset ved gata. Det staselege huset etter Aaland står framleis med vindedører i ramen i 3. høgda og er fint restaurert av familien Berteig, som driv Hildenes Gartneri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.01.2011