Hopp til innhold
X
Innhald

A. O. Lefdal

Anders O. Lefdal dreiv frå 1890-talet stort som hestehandlar, og bygde også eige slakteri med landhandel på Nordfjordeid i 1902.

Olav Lefdal

var sonen til Anders O., og førde hestehandlartradisjonen vidare, og var saman med Alf og Ragnvald Humborstad frå Kjølsdalen dei største i Nordfjord i hestehandlarfaget.

Olav Lefdal var far til:

Aslak Lefdal

som m.a. grunnla Nor-Import i Olden og bygde kai for turistbåtar der.

Anders Lefdal

Anders Lefdal

som bygde opp det som idag heiter Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.

Olav O. Lefdal

som på 1980-talet bygde slakteriet ut for å satse på nisjeproduksjon. Dette er no lagt ned.

John Olav Lefdal

John Olav Lefdal, Aslak sin son, leier verksemder med 50 tilsette og 150 mill. kroner i omsetning.

Les meir om Forretningsfamilien Lefdal .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 12.02.2010