Hopp til innhold
X
Innhald

Adelsdame som eremitt?

Oppe i fjellet ved Skårhaugsetra midt på biletet skal det ha budd ei høgætta kvinne ein gong i tida. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppe i fjellet ved Skårhaugsetra midt på biletet skal det ha budd ei høgætta kvinne ein gong i tida. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Høgt oppe i fjellet over Skårhaug på nordsida av Eidsfjorden skal det ein gong i tida ha budd ei høgætta kvinne.

Då H. M. Seehusen skreiv ei omtale av Nordfjord i ei bok som kom ut kring 1760, nemner han at ein framleis då kunne sjå tufta etter staden der denne kvinna budde. I bygdeboka for Eid vert det gissa på at kvinna kan ha vore enkja etter presten Jens Benkestokk. Adelsætta Benkestokk finn vi m.a. med sete på Indre Hafslo – sjå Luster kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011