Hopp til innhold
X
Innhald

Åge Starheim

Åge Starheim. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Åge Starheim. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Fødd i 1946 på Stårheim, busett i Selje. Avdelingsleiar på rekneskapskontor, politikar for Høgre og Framstegspartiet. Har arbeidd som rekneskapsmedarbeidar ved Selje Skjortefabrikk, Selantic og i rekneskapsbyrå.

Som Høgrepolitikar var Starheim medlem av kommunestyret og formannskap i Selje, og ordførar 1985-1991. Melde seg inn i Framstegspartiet i 1997 og har sidan representert partiet i kommunestyre og formannskap. Fylkesleiar i Framstegspartiet og medlem av landsstyret frå 2002. Medlem av fylkestinget frå 2003.

Stortingsrepresentant frå 2005 til 2013 som Framstegspartiet sin første representant frå Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.03.2012