Hopp til innhold
X
Innhald

Alders- og omsorgsbustader i Eid

Eid sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Gamleheim

Den første aldersheimen vart bygd på prestegarden Mel i 1934. Etter at den vart erstatta med andre aldersbustader på 1980-talet, vart bygget omgjort til vanlege husvære i regi av Sogn og Fjordane Bustadbyggelag.

Eid Sjukeheim

vart bygd i 1977. Den fekk påbygg for demente i 1992.

Eid Eldretun

vart bygt i 1987, i tillegg til 10 omsorgsbustader like ved tunet. Eldretunet fekk påbygg i 2005 med fem husvære og har plass til 40 pensjonærar.

Eid Eldretun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Eldretun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omsorgsbustader

På Elvebøen på Nordfjordeid vart det bygt 10 omsorgsbustader i 1999 og 10 nye i 2000. Sanitetslaget i Kjølsdalen fekk bygd fem eldrebustader i 2001. Desse omsorgsbustadane vert kalla Kirsebærhagen og vert også administrerte av kommunen. Fem psykiatriske omsorgsbustader på Høgebakkane på Myklebust vart bygde i 1996, og fem nye i 2003.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.02.2011